Offshore-trafikken auka, og tala totalt viser såleis ein nedgang på 2,6 prosent, viser tal frå Avinor.
Om lag 260.000 passasjerar reiste via flyplassen i fjor.
Trafikken ved dei andre flyplassane i fylket auka i fjor.
Næringssjefen i Kristiansund, Ellen Engdahl, meiner Braathens bør betre flytilbodet ved Kvernberget.
Årsaka er mellom anna fleire innstilte avgangar.
Kommunen har tatt saka opp med Braathens, som lovar å betre tilbodet innan utgangen av februar.
Måtte reise om Molde
Nokre av flya som blir brukte på Kvernberget er av typen Focker 50. Denne hadde i fjor fleire tekniske problem, noko som førte til at avgangane blei avlyste, og passasjerane måtte til Molde for å kome seg avgarde. Slikt held ikkje i lengda. Kommunen har no tatt saka opp med Braathens, som lovar å betre kapasiteten på Focker-flya innan utgangen av februar. Skjer ikkje det - kjem kommunen og næringslivet til å mase meir. Engdahl seier dei vil jobbe hardt for å betre flytilbodet
Ikkje redd for nedlegging
Fjorårs-statistikken for Kvernberget blir redda av trafikken til oljefelta, som auka i fjor. Dette gjer at totaltala for Kvernberget blir nærare 260 tusen passasjerar, ein tilbakegang på 2.6 prosent. Både Årø og Vigra har hatt ein auke i trafikktala sine. Kristiansund kommune og næringslivet i byen er no i gang med å skipe ein eigen organisasjon som skal jobbe for å få auka trafikken til og frå Kvernberget. Ellen Engdahl avviser at dei er redde for at flyplassen blir lagt ned.