Hopp til innhold

Naturen inspirer til ny Disneyfilm

For nokre veker sidan stod regissør for Disney-filmen «Frost», Chris Buck på scena og tok imot Oscarstatuetten for beste Animasjonsfilm. I dag stod han på Fjellstua i Ålesund og konkluderte med at det må bli ein ny film.

For nokre veker sidan stod regissør for Disneyfilmen Frost, Chris Buck, på scena og tok imot Oscarstatuett for beste Animasjonfilm. I dag stod han på Fjellstua i Ålesund og konkluderte med at det må bli ein ny film.

Regissør Chris Buck og Art Director Michael Giaimo besøker Noreg for å hente inspirasjon til framtidige filmar.

Art Director Michael Giaimo har vore i Norge ein gong før, då for å bli inspirert til å lage Disneyfilmen «Frost». No er han her igjen i lag med regissør for filmen Chris Buck.

Sidan onsdag har dei vore på reise gjennom Møre og Romsdal. No står dei på Fjellstua i Ålesund og ser utover byen og øyane. Regissør Chris Buck seier at han ikkje forstår at ikkje fleire filmar blir laga her, for «det er jo det perfekte settet».

Turnerer i fylket

Onsdag kom dei til Kristiansund, og sidan har turen gått til Håholmen over Atlanterhavsvegen og gjennom Romsdalen til Juvet i Valldal. I går var dei i Geiranger og i dag i Ålesund.

– Kva som har inspirert oss mest? Babygeiter, seier Michael Giaimo raskt.

– Det er noko med at du først er i den storslegne fjorden og så i neste augneblink sit du og nesten blir spist opp av den nydelegaste vesle babygeit. Eg er fullstendig sjarmert, fortel han.

Meir inspirerande enn førre besøk

– Dei plassane vi har vore på denne turen og folka vi har møtt har vore enda meir inspirerande enn den første turen eg hadde. Før dei tar trappene nedover mot Ålesund har dei konkludert, det må bli ein «Frost»-film nummer to.

Det blir tatt mange bilde gjennom Ålesund, men plutseleg så stoppar Michael heilt opp. Han finn ei lita renne som er laga av brustein.

-denne hadde ein kollega av meg i Disney elska. Det kan ofte vere små ting som inspirerer mest, seier han og knipsar nokre bilde til. I morgon går turen til Oslo før dei skal vidare til Nord Norge.

Invitert av Innovasjon Noreg

Det var Marit Giske Nilsen frå Innovasjon Norge i Ålesund som inviterte dei til Norge. Verdien av Norgesreklamen som filmen «Frost» har er stor og kan bringe mange turistar til Norge i framtida.

– Dei seier at dei har kome endå tettare på Norge på denne turen og det er eg veldig fornøgd med. Kan denne turen inspirere til ein ny Frost film hadde det vore heilt fantastisk, seier ho.

Filmen er skapt med inspirasjon frå norske omgivnader og med norsk musikk. Filmen «Frost» vann, ikkje uventa, prisen for beste animasjonsfilm under Oscarutdelinga tidlegare i år. Den vann òg prisen for «Beste originalsong».

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL