Hopp til innhold

Nær drepen med skrujarn – no er mann dømd til tvungent psykisk helsevern for angrepet

Det var truleg berre flaks som gjorde at Adel Dabbas ikkje blei drepen då ein bebuar i eit bufellesskap gjekk til angrep med skrujarn. Berre kort tid før hendinga konkluderte retten med at det ikkje var nærliggande fare for valdelege angrep.

Adel Dabbas på sykehuset etter at han fikk et skrujern i hodet.

SKADER: Adel Dabbas blei stukke med eit skrujern som gjekk fleire centimeter inn i tinningen. Han er framleis sjukemeldt etter angrepet som skjedde i sommar.

Foto: Privat

No er mannen i 30-åra dømd til tvungent psykisk helsevern for angrepet. Det slår Søre Sunnmøre tingrett fast. I tillegg må han betale 25.000 kroner i erstatning til Dabbas.

– Når ein gjer ei samla vurdering av den alvorlege handlinga denne saka gjeld, finn retten at tvungent psykisk helsevern er naudsynt for å verne samfunnet, står det i dommen.

Fornøgd med dommen

Det var i juni i år at mannen i 30-åra utan forvarsel gjekk til angrep på Adel Dabbas. Dette skjedde i eit bufellesskap for rus og psykiatri, der mannen budde. I hendene hadde han eit stjerne-skrujarn, og forklarte sjølv til politiet at han stakk halve skrujernet inn i hovudet til miljøarbeidaren.

Fornærmede Adel Dabbas ble stukket med et skrujern. I dag møtte han i retten.

SJUKMELDT: Adel Dabbas er framleis sjukmeldt frå jobben sin etter å ha blitt stukke med eit skrujern.

Foto: Idun Aalbu Rasmussen / NRK

Angrepet skjedde utan forvarsel slik at Dabbas ikkje hadde sjanse til å beskytte seg. Retten vektlegg også at det berre var tilfeldig at han ikkje miste livet i angrepet.

Under rettssaka denne veka fortalde Dabbas at han framleis er sjukmeld frå jobben som miljøarbeidar. Han har slite psykisk etter hendinga, har mareritt og tek stadig til tårene.

Angrepet har gjort at han er lamma i halve ansiktet på venstre tide.

I tillegg har han vanskar med høyrselen, synet og med å ete, etter at han blei stukken fleire centimeter inn i tinningen. No er Dabbas glad for at det har kome ein dom i saka.

– Eg er fornøgd med dommen. Det var på sin plass, seier han til NRK.

Også advokaten hans, Espen Rekkedal, seier at dommen er som dei hadde håpt på.

– Dommen er som venta og erstatninga er på det nivået vi har bedd om, seier han.

Skrujernet som ble brukt som drapsvåpen

SKRUJERN: Det var dette skrujernet som miljøarbeidar Adel Dabbas blei stukke med i sommar. Skrujarnet gjekk nesten fem centimeter inn i tinningen.

Foto: Kaja Skatvedt Robak / NRK

Gjekk til angrep med skrujarn

Motivet for angrepet skal ha vore hemn for det den dømde meinte var truslar mot familien sin. Retten meiner derimot at desse truslane ikkje var reelle. Mannen i 30-åra har også tidlegare blitt dømd for vald og truslar. I retten sat den tiltalte med hettegenseren dradd framover hovudet, utan å ville forklare seg.

Rettspsykiatrar har i ein rapport konkludert med at mannen var psykotisk og dermed ikkje tilrekneleg då hendinga skjedde.

Den dømde har diagnosen Paranoid schizofreni. Han har også ein dissosiativ personlegdomsforstyrring. I tillegg var han påverka av narkotika då angrepet skjedde.

Under rettssaka meinte 30-åringen derimot at han var tilrekneleg under angrepet. Han vedgjekk straffskuld og har forklart at han oppsøkte Dabbas for å drepe han. Han sa også at han var klar over kva han gjorde og at han var budd på å ta straffa for det.

– Det samla bevisbiletet gjer at retten ikkje er i tvil om at tiltalte var psykotisk på handlingstidspunktet og derfor ikkje var tilrekneleg. Tiltalte kan difor ikkje dømmast straff, står det i dommen.

Advokat Jørund Stig Knardal, som er forsvararen til den dømde mannen, seier at han har vedtatt dommen og kjem ikkje til å anke.

Blei ikkje overført til tvungent psykisk helsevern

Berre nokre få månader før drapsforsøket i sommar blei mannen i 30-åra frifunne for vald og truslar. Også då meinte tingretten at han ikkje var tilrekneleg og difor ikkje kunne straffast.

Dei meinte også at det ikkje var nærliggande fare for nye, alvorlege brotsverk.

Dette skjedde i strid med oppfatninga til dei sakkunnige og aktor.

Statsadvokat Ingvild Nordheim i retten i forbindelse med saken mot personen som er tiltalt for drapsforsøk på en miljøarbeider i Volda kommune.

Statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim er fornøgd med dommen.

Foto: Kaja Skatvedt Robak / NRK

Statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim seier til NRK at ho er fornøgd med dommen og at mannen denne gongen blei dømt til tvungent psykisk helsevern.

– Det er ein viktig dom for å unngå at noko tilsvarande og alvorleg kan skje igjen, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL