Hopp til innhold

Mykje slåsting i julinatta

Det har vore fleire episodar med slåsting natt til søndag i Møre og Romsdal.

Politi

Politiet har hatt ein del å jobbe med natt til søndag. (Illustrasjonsbilde).

Foto: Tore Ellingseter / NRK

  • Klokka 02.40 varsla ein mann i Kristiansund at han hadde blitt slått i hovudet ved ein utestad. Han ville melde forholdet.
  • Klokka 03.15 skulle ein mann i slutten av tenåra ha blitt slått i fjeset av ein mann i 30-åra i Molde. Mannen vart sendt til legevakta.
  • Ein time seinare var det i Kristiansund det skjedde. Ein mann i 30-åra måtte til legevakta etter å ha fått eit slag mot hovudet. Gjerningsmannen vart sett i drukkenskapsarrest.

I Ålesund er åtte personar vekkviste frå sentrum i løpet av natta på grunn av fyll og bråk.

Fire personar vart sett i arrest på grunn av fyll og bråk ved Sommerfesten på Giske.