Hopp til innhold

Russen hostar i kor: – Ein er berre russ ein gong i livet

Mange opplever både forkjøling og influensa under årets russetid. – Kvil, sov og et når du kan, elles held du ikkje til 17. mai, seier FHI.

Russ på Atlanten videregående skole i Kristiansund i mai 2022.

Mathilde Sandøy og Anna Jørgensen synest dei har ei fin russetid, trass i at dei er blitt sjuke. Men skulle gjerne hatt betre vêr.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Dei fleste har blitt sjuke. Første dagen vi var ute var det regn og vasskrig, det blir ein dårleg av, seier Mathilde Sandøy.

Russen på Atlanten vidaregåande i Kristiansund er slitne etter gårsdagens strabasar.

Pizzabodet kjem med ein etterlengta lunsj, medan russen hostar i tur.

– Eg har ikkje fått vore med så mykje. Eg har lege heime i to veker med feber og forkjøling. Det har vore kjedeleg, seier Tobias Skarpnes.

Han rekna med at det kom til å bli mykje sjukdom, men ikkje at det skulle bli så gale.

Tobias Skarpnes, russ på Atlanten videregående skole i 2022.

Tobias Skarpnes har endeleg kome seg på skulen etter to veker med sjukdom.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Sein influensa

Etter to år med koronatiltak er ikkje immunforsvaret like godt trent på å takle sjukdom og kan vere slappare og treigare enn det pleier.

Influensabølga har også kome mykje seinare enn den vanlegvis gjer. Det har vore hardt, synest Lea Gimnes.

– Det er influensa A som går trur eg, det har i alle fall eg fått. Det har vore veldig av og på. Når ein drar ut kjenner ein seg gjerne betre, men når ein vaknar dagen etter så kjenner ein seg dobbelt så sjuk som dagen før, seier Gimnes.

– Får de noko særleg ut av russetida når det er slik?

– Ja, ein må berre køyre på gjennom sjukdommen. Ein er berre russ ein gong i livet. Det har sjølvsagt vore keisamt å vere sjuk, men det har gått bra.

På Austlandet har vêret vore noko heilt anna enn i mange andre delar av landet, men det betyr ikkje at alle er friske der heller.

– Eg har inntrykk av at det er mange som er sjuke, hostar og snufsar litt, seier Thomas Aasen, president i russen sitt hovudstyre i Oslo-området.

Kvil når du kan

Overlege ved FHI, Sara Viksmoen Watle, opplyser at influensabølga er på veg ned, men det sirkulerer framleis blant tenåringane.

sara viksmoen watle

Sara Viksmoen Watle er overlege ved Folkehelseinstituttet (FHI).

Foto: Trygve Indrelid

– Dei har større sjanse for å bli sjuke med infeksjonar i løpet av russetida. Immunforsvaret er litt dårlegare, dei søv mindre, drikk alkohol og slappar ikkje av. Det svekker immunforsvaret, seier Watle.

Det å skulle feste mindre er kanskje ikkje eit veldig aktuelt råd etter to år med pandemi, men skal ein halde løpet ut er det i alle fall eit råd ein kan velje å lytte til.

– Det luraste dei kan gjere er å prøve å kvile, sove og ete når dei kan. Køyrer dei på utan å sove blir dei heilt utmatta, og held ikkje til 17. mai, seier Watle.

Elles ber ho om at russen ser godt til kvarandre, både for å unngå skader og reagere ved smittsam hjernehinnebetennelse.

Russ i Kristiansund

Lea Gimnes (nummer to frå venstre) synest ho har hatt ei fin russetid så langt, trass i at ho er sjuk.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Håpar på betre vêr

Det er nettopp det dei gjer på Atlanten med pizza og ein roleg lunsj.

– Bortsett frå sjukdommen har det vore veldig bra. Vêret har vore dårleg, men no ser det betre ut mot 17. mai, så vi gler oss til slutten, seier Lea Gimnes.

– Sett det litt kjeppar i hjula?

– Ein får berre føle sjølv kva ein orkar og klarer. Då får ein berre sjå sjølv, viss ein treng pause så gjer ein berre det.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL