Hopp til innhold

Det er mykje sild langs kysten

Fiskarar og forskarar har sett eit jamt slør av sild frå Buagrunnen i Romsdal til Røst i Lofoten. Havforskingsinstituttet har så langt fått svært gode forhold for å berekne bestanden av norsk vårgytande sild.

Prøvetaking av Sild ombord i fiskebåten Eros

Fiskarar og forskarar samarbeider for å finne gode tal på bestand av Norsk vårgytande sild. Her skal det takast prøver av fisken.

Foto: Merete Kvalsund

Om bord i ringnotbåten Kings Bay har toktleiar frå Havforskingsinstituttet Arild Slotte smilt om kapp med sola den siste veka.

–Eit godt samarbeid med fiskarane, fantastisk vær og mykje sild har gjort årets tokt svært vellykka. Vi møtte på silda på Buagrunnen i Romsdal og sidan har vi sett den som eit jamt slør oppover mot Røst i Lofoten, seier han.

No skal toktet vidare nordover mot Tromsøflaket, der det blir avslutta 25. februar.

Skal berekne kvote for neste år

Ringnotbåten Kings Bay er eitt av tre fiskefartøy som har blitt brukt til å berekne bestanden av Norsk vårgytande sild langs kysten den siste veka.

Forsking på fiskefartøyet Eros

Ringnotbåten Eros frå Herøy er ein annan fiskebåt som har blitt brukt på toktet.

Foto: Merete Kvalsund / Havforskningsinstituttet

Tal frå dette toktet skal samlast saman med tal frå eit nytt tokt som blir gjort i mai og fangstdata frå vinterens fiske på dei ulike årsklassene til Silda. Vi får også informasjon frå fiskebåtar i andre område enn der vi går.

–Når vi samlar all denne informasjonen vil vi kunne berekne kvotar for det kommande året.

Mykje sild langs kysten

Det er ikkje vanskeleg å finne sild.

Foto: Merete Kvalsund

–I fjor såg vi lite sild på eit lite område. Medan i år har vi sett jamt med sild på eit mykje større område. Det gir oss mykje betre grunnlag for å berekne kvote, seier han.

Fantastisk vær

Toktet starta i Ålesund 13. februar, men det var ingen sild å sjå frå Stadt og nordover til Buagrunnen så tidleg.

– Det at vi i år starta toktet litt seinare enn i fjor gjorde at vi likevel møtte på mykje meir sild lenger sør enn i fjord. Det er viktig å treffe med tidspunktet, seier han.

Han kan ikkje huske å ha hatt så mykje fint ver på eit tokt i februar sidan han starta med dette for 15 år sidan.

– Det er og ein suksessfaktor som gjer at vi har fått jobba godt og samla mykje data, seier han.