Det er venta at minst 3.500 sunnmøringar vil ta turen til Molde på søndag for å sjå storkampen mellom Molde og Ålesund. Det er første gong at dei to laga møtes som eliteserielag. Difor har fjerjeselskapet i tillegg til å auke trafikken over Moldefjorden sett inn hurtigbåtar frå Ålesund.
Ekstra kapasitet
Men det er ikkje berre ekstra avgangar som må til for å svelje unna trafikken. Bilferja Tressfjord er på verkstad, men etter planen vil den vere i rute igjen i morgon, seier assisterande direktør i MRF, Anker Grøvdal. I ferjesambandet mellom Molde og Vestnes vil det frå 13.30 gå tre ferjer som til saman skal ha ein kapasitet på om lag 3.500. I tillegg vil det bli sett opp to hurtigbåtar frå Ålesund som samla kan ta om lag 500 passasjerar. Grøvdal ber dei som skal reise over fjorden søndag om å vere tidleg ute, og vere tolmodige. Då reknar han med at alle skal kome fram til stadion i Molde til rett tid.
Vil unngå kaos
For å unngå trafikkaos i samband med fotballkampen mellom Molde og Aalesund søndag, kjem tilskodarane som skal vere med ferje til å bli stoppa i Vestnes sentrum. Dei blir bedne om å parkere ved den gamle ferjekaia, og så har SRB sett opp bussar som går i skytteltrafikk før og etter kampen. Bussbillettane kostar ti og tjue kroner.