Spørsmålet kom frå Karita Bekkemellem Orheim etter at Moxy Engineering ikkje fekk tilgang til momskreditt hos Toll- og avgiftsetaten.
Dersom Moxy ikkje får momskreditt må dei binde opp seks millionar kroner for å forskottere moms på varer dei importerer til Noreg.
Pengar får dei seinare tilbake frå tollstyresmaktene.
Finansminister Per Kristian Foss sier han vil sjå nærare på reglane for rentefri kreditt ved innbetaling av meirverdiavgift.
Bind 6 millionar
Moxy må importere hoveddelen av de varane dei treng til produksjonen, og eksporterer det meste.
– For bedrifta medføre avslaget om moms kreditt at ca. 6 millionar kroner blir bunde opp, seier Karita Bekkemellem Orheim.
- For ei liten og nystarta bedrift utgjer dette mykje pengar. Det er derfor viktig å sikre at reglane ikkje skaper unødige problem for næringslivet i Møre og Romsdal, sa Bekkemellem Orheim.