Møtte opp til festmiddag

Bebuarane under Mannen møtte i dag opp til ein festmiddag for å feire at tida for evakueringar er over. Saman med ordførar Lars Olav Hustad, skal dei ete middag på Hotel Aak. – Eg har aldri sove så godt ein søndagsmorgon, seier Gunn Sogge, som no har flytta heim igjen etter 16 evakueringar.

Bebuarane under Veslemannen på festmiddag
Foto: Frode Berg / NRK