Demonstrantane fryktar at sjukehuset i Kristiansund skal misse dei kirurgiske akuttsfunksjonane og fødeavdelinga. Helseministeren hausta applaus då ho heldt talen sin til demonstrantane.
- Det kjem ikkje til å bli gjort endringar før alle utgreiingane er ferdige, sa Strøm-Erichsen til demonstrantane i Kristiansund onsdag formiddag.
Demonstrantane fylte plassen framfor sjukehuset i Kristiansund.
Foto: Roar Halten / NRKDet var tusenvis av demonstrantar i Kristiansund i dag.
Foto: Gunnar SandvikPer Arne Westavik var strålande nøgd med demonstrasjonen.
Foto: Gunnar SandvikOrdførar Per Kristian Øyen og helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen
Foto: Eirik Haukenes / NRKHistorisk mobilisering
Aldri før i nyare tid har folket i Kristiansund og på Nordmøre vist større mobiliseringsstyrke. Med grøne t-skjorter og banner var det eit rungande nei til å fjerne dei kirurgiske akuttfunksjonane og fødeavdelinga som møtte helseministeren.
•
- Eg er audmjuk, rørt og veldig takknemlig, sa aksjonsleiar Per Arne Westavik. Dette er ein maifestasjon av folkeviljen, sa han. Vi trudde her skulle kome 5000. Men her er jo over 10000 demonstrantar. Det har vore ein tunnel av folk heilt frå flyplassen og heilt inn til byen. Og her oppe ved sjukehuset har det vore ein stad mellom 5000 og 10000 demonstrantar. Folk har fått fri frå jobben, og dette har vore ein fin og ordentleg og verdig demonstrasjon, seier Westavik.
•
•
•
- Sjukehuset er heilagt
Demonstrasjonen gjekk roleg for seg. Sjølvsagt var der både applaus og buing. Men det må ein berre rekne med når det er framtida til sjukehuset det er snakk om, seier Westavik.
- Kristiansund sjukehus er så heilagt at det går langt ut over det dei sit og behandlar i styre og stell. Dette har vore undervurdert. Det å ta frå Kristiansund noko går ikkje an. Vi er veldig hårsåre på slike ting, seier Westavik.
- Verdig markering
Også ordførar i Kristiansund, Per Kristian Øyen, var strålande nøgd med demonstrasjonen i dag. Han meiner dette var ei verdig markering.
- Ja, absolutt. Dette var ein verdig dag, og det burde det vere også. Her var det ingen grunn til å vere usakleg eller å fyre opp. Statsråden blei motteken på ein verdig måte, seier Øyen. Eg fekk også fortalt statsråden at eg ønskjer ein meir ryddig prosess rundt sjukehussaka. Eg ba også om å få møte henne på tomannshand, men gjer ikkje noko nummer av at det ikkje gjekk. No er eg kjempepositiv med tanke på den vidare prosessen, seier Øyen.