NRK Meny
Normal

Barneavdeling kan bli stengd

Barneavdelinga ved sjukehuset i Kristiansund kan bli stengd i helgane. Dei tilsette fnyser av forslaget.

Baby blir undersøkt på sjukehuset i Kristiansund.

Skeptisk pappa

Roger Rindarøy

Roger Rindarøy syns det er eit dårleg forslag å stengje barneavdelinga i helgane.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Babyguten Oscar blei sendt til sjukehuset i Kristiansund då han fekk RS-virus i helga. Legar på sjukehuset fryktar at det ikkje fins ei barneavdeling lenger i byen om få år. For no foreslår administrasjonen i Helse Midt-Norge, ifølgje Tidens Krav, å stengje avdelinga i helgane. Roger Rindarøy frå Aukra syns forslaget er dårleg.

- Eg syns det er feil ende å spare pengar på. Eg syns ikkje noko om forslaget. Det må vere andre ting å spare på, seier Rindarøy etter at sonen Oscar har fått behandling på avdelinga i helga. Går forslaget gjennom ville babyen blitt sendt til Ålesund eller Trondheim.

Trur avdelinga forsvinn

Barnelege Martin Unger

Barnelege Martin Unger fryktar at barneavdelinga er nedlagt fullstendig om få år.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Heller ikkje legane på sjukehuset er positive til forslaget. Barnelege Martin Unger trur at ei helgestenging vil føre til at heile avdelinga forsvinn i løpet av få år.

- Eg trur ikkje vi har barneavdeling i Kristiansund dersom leiinga no startar med å stengje avdelinga i helgane. Det vil øydeleggje eit godt behandlingstilbod for born, og det vil også virke øydeleggjande for det faglege tilbodet vi har bygt opp over mange år, seier Unger.

Strategidokument

Forslaget er førebels berre framkome i eit midlertidig strategidokument. Men legane trur det kan vere kort veg mellom ord og handling.

- Eg fryktar det, seier Unger.