Direktør i Helse Nordmøre- og Romsdal, Bjørn Engum, seier at dette er ei budsjettsak som blei vedteken i styret før jul. Han avviser at dette har samanheng med ei framtidig samling av akuttfunksjonane og oppgåvefordelinga mellom sjukehusa.
Administrerande direktør i Helse Nordmøre- og Romsdal, Bjørn Engum.
Foto: Gunnar Sandvik / NRK- Dette er forhold som er knytt til budsjettet for 2010. Styret vedtok dette like før jul, seier Engum.
- Lyn frå klar himmel
Sjølv om direktør Bjørn Engum seier at dette blei vedteke på styremøte før jul, kjem vedtaket som lyn frå klar himmel for dei tilsette. Det seier verneombod Siv Stene og tillitsvald Arvid Verpesdal.
- Dette kjem som eit sjokk og som lyn frå klar himmel. Dersom ein skal følgje lova, skal tilsette vere med i ein drøftingsprosess før informasjonen kjem ut. Dette gjeld mellom anna i saker som har med nedbemanning å gjere, seier Verpesdal.
- Vi blir nervøse for arbeidsplassen vår og for framtida vår, seier Siv Stene.
•
•
•
- Sparer ingenting
Dei tilsette trur ikkje Helse Nordmøre- og Romsdal kjem til å spare pengar på nedbemanninga. Dei trur utgiftene til vikarar kjem til å auke.
- Dette aukar vikarbehovet. Også overtidsbruken kjem til å auke. Vi har det minimalt slik vi har det i dag, seier Verpesdal.
Fryktar akutt-nedtrapping
Tilsette fryktar no at nedbemanninga står i samanheng med utgreiingane om ei deling av funksjonane til sjukehusa i Kristiansund og Molde.
- Det første som slår oss er at dette er den første delen av ei nedtrapping av akuttfunksjonen her på sjukehuset i Kristiansund, seier Siv Stene.
Denne frykta er grunnlaus, seier Bjørn Engum. Men han har skrive under på eit notat om bemanningstiltak på avdelinga for kirurgi og akuttmedisin i Kristiansund og Molde. Der kan det sjå ut som om først og fremst Kristiansund blir råka om sparetiltaka ikkje virkar.
Det er denne setninga dei tilsette har merka seg ved:
« ... vil bli en månedlig vurdering om prosjektet er bærekraftig, må avvikles eller finansieres ved å flytte ressurser fra andre områder fra klinikk for kirurgi og akuttmedisin, avdeling Kristiansund».
Men administrerande direktør i Helse Nordmøre- og Romsdal, Bjørn Engum, seier at han ikkje kjenner til denne setninga.
- Nei, det står ingenting om dette. Det står berre at vi her må forhalde oss til dei rammene som er gitt, og då opererer vi på klinikknivå, seier Bjørn Engum.