Hopp til innhold

Morgendagens Helter, sjølv om dei ikkje gjekk til topps

Godteriskåla frå Vågsetra i Molde og Volda Legoklubb representerte Møre og Romsdal i den skandinaviske finalen i First Lego League.

Godteriskåla frå Vågsetra

Sidan septemper har Godteriskåla arbeidd for å nå den skandinaviske finalen.

Foto: Raymond Engmark

Det blei ingen prisar på dei to lokale laga, men dei hevda seg likevel godt. Og berre det å ha kome seg til finalen har vore ein prestasjon. For over 900 lag frå ulike skandinaviske stader har sidan midten av september konkurrert om å få kome til finalearrangementet.

Dette arrangementet er eit samarbeid mellom organisasjonen First og talentprogrammet Morgendagens Helter, som Statoil står bak.

Hensikta og målet er å auke interessa for realfag. På den måten skal barn og unge bli stimulerte til å bli ingeniørar og forskarar.

Finale i Bodø

Volda Legoklubb

Dei kan bli Morgendagens Helter sjølv om Volda legoklubb ikkje nådde heilt opp i finalen.

Foto: Markus Frislid

Bodø var arrangørstad for den skandinaviske finalen. Dit har laga kome etter nesten tre månader med hardt arbeid, forsking og konkurransar. Fire lag frå kvart av landa Noreg, Sverige, Danmark og Færøyane var med, og tilsaman nærare 800 barn. i alderen 10-16 år.

Dei skulle konkurrere i kategoriane samarbeid, marknadsføring, forsking og teknologi, der det årvisse høgdepunktet er robotkonkurransen. Der skal sjølvbygde robotar gjennomføre konkrete oppgåver som laga har programmert dei til.

Vinnar frå Danmark

The Lego Reefs frå Billund i Danmark blei best samanlagt, og sjølv om våre lag heller ikkje vann nokon av delkonkurransane, hevde dei seg godt. Deltakarane sjølve ga uttrykk for at dei lettare forstår den praktiske nytten av realfag. På den måten aukar interessen for teknologi, naturfag og matematikk. Difor kan det godt vere at ein av Morgendagens Helter har hatt si opplæring i Volda legoklubb eller Godteriskåla på Vågsetra.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL