Hopp til innhold

Slik vil storstreiken ramme i Møre og Romsdal

Det blei brudd i oppgjeret mellom NHO og LO og YS. Dermed blir det storstreik, og desse bedriftene blir råka.

Cecilie Søllesvik, leiar i Fellesforbundet for Nordmøre og Romsdal

Cecilie Søllesvik er leiar i Fellesforbundet si avdeling 65. Det vil i all hovudsak seie Fellesforbundet på Nordmøre og i Romsdal.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

På lista over bedrifter i første pulje finn vi både ferjer, butikkar, teknologibedrifter og bedrifter innan bygg og anlegg.

Dei siste par månadene har både LO og YS trimma dei lokale tillitsvalde, og har førebudd dei på at det kan bli streik om ikkje krava blir innfridd.

– Vi er godt budde. Dei tillitsvalde er klare til å gjere den jobben som må til, sa leiar i Fellesforbundet på Nordmøre og i Romsdal, Cecilie Søllesvik til NRK tidlegare på søndag.

Søllesvik vona inderleg at det skulle bli eit godt lønsoppgjer for medlemene hennar.

– Vi kan ikkje godta å blei endå meir akterutsegla. Mi meining er at vi må ha eit resultat på over fem prosent. Eg ønskjer meg 5,2, sa ho til NRK.

Streiken vil bli trappa opp alt etter korleis situasjonen utviklar seg.

Både LO og YS har allereie varsla kor mange som eventuelt blir tekne ut i streik i ei pulje nummer to. Rundt 25.000 YS og LO-medlemer er klare til å gå ut i streik i første runde. LO varslar at ytterlegare 15.509 fagorganiserte blir tekne ut frå fredag.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL