Streiken blant veterinærane ved Mattilsynet har vart i to veker. I går vedtok regjeringa tvungen lønnsnemnd i konflikten.
700 storfe
Fabrikksjef Ola Wattø opplyser at det no er 700 storfe som ventar på å bli slakta i distriktet til Gilde-slakteriet i Ålesund. - Vi har full kontroll over situasjonen og reknar med å vere ajour om ca. 14 dagar, seier han.
Forutan slakteritilsette som har vore permitterte er det først og fremst bøndene som har vore skadelidande på grunn av streiken, seier Wattø. I mange fjøs er det både fôrmangel og plassmangel fordi bøndene ikkje har fått levert dyra til slakting. Også Gilde har tapt ein god del pengar på denne konflikten, men selskapet har enno ikkje rekna ut kor mykje det er snakk om.