Hopp til innhold

Fylket må kutte – Elevar på vidaregåande er redde dei ikkje får nok undervisning

Mange vidaregåande skular gjekk med millionunderskot i fjor og må rekne med ytterlegare innstramming i år. Elevrådsleiar William Husøy (17) fryktar elevane ikkje får nok undervisning.

William Husøy, Ulstein vgs

William Husøy, er elevrådsleiar ved Ulstein vgs. Han er bekymra for at elevane ikkje får den undervisninga dei har krav på.

Foto: Arne Flatin / NRK

I gangane på dei vidaregåande skulane er det stille denne vinterferieveka, men rektorar, tillitsvalde og dei som underviser i det daglege kjenner på ei uro.

Det står dårleg til med økonomien i Møre og Romsdal fylkeskommune, og skulane må spare pengar. No er dei bekymra for kor mykje meir dei blir nøydde å kutte.

Margaret Alme, Ulstein vgs

Margaret Alme er rektor ved Ulstein vgs. I sine 30 år i skulen har ho aldri opplevd trongare tider enn no

Foto: Arne Flatin / NRK

Rektor Margaret Alme ved Ulstein vidaregåande skule seier ho i sine 30 år i skulen aldri har opplevd så stramme tider som no.

Langt over 90 prosent av utgiftene dei har går til lønn, og ho ser ikkje kvar dei skal spare.

– Vi får sannsynlegvis problem med å gjennomføre dei lovpålagde oppgåvene våre og har ikkje nok timar til ordinær skuledrift. Vi kuttar ned på vikarbruken, men slik har det alltid vore. Det er alltid det første som skjer når vi må spare.

Elevane fryktar mangel på undervisning

William Husøy er 2.-klassing ved skulen, og elevrådsleiar. Denne veka er klasserommet heilt tomt, men når skulen byrjar på att etter ferien vil dei truleg mangle lærar i fleire timar.

William Husøy, Ulstein vgs

William Husøy er 2.-klassing ved Ulstein vgs. Han er elevrådsleiar ved skulen, og seier mange no fryktar dei ikkje får den undervisninga dei har krav på.

Foto: Arne Flatin / NRK

Eitt av tiltaka skulane må gjere for å spare pengar er nemleg å ikkje sette inn vikarar for sjuke lærarar.

Husøy seier at då elevane først høyrde at det ikkje kom til å bli sett inn vikarar var det mange som var fornøgde med det. Då ville dei få meir tid for seg sjølve, og litt «fritid».

– Men no trur eg mange er bekymra for at dei ikkje skal få den undervisninga dei treng, seier han. Særleg gjeld dette avgangselevane.

Håper politikarane tek innover seg situasjonen

Også rektor ved Volda vidaregåande skule, Trond Hjelseth, kjenner på bekymringa over den økonomiske situasjonen.

– Konsekvensane er så store at eg ikkje heilt ser korleis vi skal klare å løyse dei lovpålagde oppgåvene, elevane skal ha undervisninga si. Vi skal administrere eksamen og vitnemål og har vanskeleg for å sjå at vi skal få det til å gå rundt med dei rammene som er der i dag, seier Hjelseth.

Trond Hjelseth, rektor Volda vgs

Trond Hjelseth, er rektor ved Volda vgs. Han ser ikkje heilt korleis dei skal greie seg i 2024 med dei rammene som dei er tildelte.

Foto: Arne Flatin / NRK

Han håper politikarane tek innover seg dette og at det vert nye signal etter fylkestingssamlinga i april der budsjettet skal drøftast.

– Vi er veldig bekymra ettersom vi i fjor gjekk med langt over 3 millionar kroner i minus, sjølv med den same drifta som før. Og budsjettet for i år er endå trongare, så om vi skal ta inn underskotet frå i fjor i tillegg, så er eg veldig uroleg for det, seier rektoren ved Volda vgs.

Ulstein vgs

Ulstein vidaregåande skule har rundt 550 elevar og 100 tilsette.

Foto: Arne Flatin / NRK

I tillegg til rektorane i Volda og Ulstein har både politikarar, ungdomar og Skolenes landsforbund engasjert seg i saka.

Vil skjerme elevane så langt som råd

Den øvste politiske leiaren for skuleeigaren, fylkeskommunen, er Anders Riise. Fylkesordføraren frå Høgre- som tok over i fjor haust seier den økonomiske situasjonen er veldig krevjande.

– Vi er det fylket som har størst underskot, lågast driftsfond og høgast gjeld, så vi må ta grep, seier han.

Anders Riise er Høgre sin kandidat til fylkesordførervervet i Møre og Romsdal

Fylkesordførar Anders Riise (H) lovar at elevane i vidaregåande skule skal skjermast så langt som råd frå kutta.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Men trass i dette seier Riise at dei vil skjerme dei vidaregåande skulane så langt som mogleg.

– Dei kutta som har kome til no i år er etterslep frå fjor, men vi skal gjennomføre den lovpålagde undervisninga til elevane, det skal skje, seier fylkesordføraren til NRK.