Hopp til innhold

Det hadde vore uaktuelt for Gregory å bli lærar med ny opplærings­lov

Regjeringa vil krevje at ein er ferdig utdanna lærar for å bli fast tilsett i den vidaregåande skulen. Skolelederforbundet trur det gjer det vanskeleg å lokke til seg yrkesfaglærarar.

Romsdal videregående skole i Molde. Lærer Gregory Merieau underviser en elev i teknologi og industrifag.

Lærar Gregory Merieau underviser førsteklassingane i teknologi- og industrifag på Romsdal vidaregåande skole i Molde.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Sveiv ut. Sånn, så knekk du kanten her i 45 grader. Bra!

Gregory har jobba 30 år i industrien, før han for to år sidan valde å bli lærar. Han har fast jobb på Romsdal vidaregåande skole samstundes som han studerer deltid til yrkesfaglærar på NTNU.

– Det å kunne utøve yrket og samstundes vere med ungdom, det freista meg til å begynne som lærar, seier Merieau.

Men no jobbar regjeringa med å få på plass ei ny opplæringslov, kor det blant anna er foreslått å stramme inn krava for å bli lærar.

Romsdal videregående skole

Ida Emilie Fagerstrand Storkjørren får hjelp medan ho lagar ein hammar.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Det kan gå ut over sånne som Merieau, som ikkje har utdanning – men likevel ønskjer lærarjobben.

– Eg har jobba i 30 år. At eg skal ha såpass mykje yrkeserfaring og at den ikkje skal vere nok, det synest eg er merkeleg. Det er den som har gjort at eg har fått jobben som lærar.

Med dei nye endringane som er foreslått hadde han neppe enda opp her.

– Eg hadde ikkje tatt jobben viss eg ikkje hadde fått fast stilling på vilkår viss eg fullfører studia. Det er veldig viktig for meg, seier læraren.

Romsdal videregående skole

Gregory Merieau synest han lærer mykje på studiet i Trondheim, men innrømmer at det er utfordrande å kombinere det med lærarjobben.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Vil krevje fast jobb

For å fast jobb som lærar i dag, er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse. Men regjeringa vil endre dette til «relevant lærarutdanning».

Det kan bli gjort unntak dersom ein manglar relevante søkarar, men berre som mellombels tilsetjing, slik forslaget er no.

Skolelederforbundet meiner det er eit stort problem innan yrkesfag, der ein vil lokke erfarne arbeidarar frå næringslivet. Dei har også sendt inn høyringsforslag om endring.

Stig Johannessen, leder for Skolelederforbundet

Stig Johannessen i Skolelederforbundet er bekymra for at få vil vere villig til seie opp jobben sin og starte på ei utdanning med forslaget til regjeringa.

Foto: Stig Jaarvik / NRK

– Viss det ikkje blir gjort eit unntak, trur vi det vil bidra til å forsterke utfordringa, særleg i industrifaga. Vi er redd for at vi vil miste kvalifiserte søkarar, og i ein arbeidsmarknad som konkurrerer er vi bekymra for at vi ikkje får tak i dei gode fagarbeidarane som ønsker å bli lærarar, seier Stig Johannessen.

Vil lovfeste lærarutdanning: Kan bli krav for fast jobb som lærer

Jessie Bellika i klasserom

Slit med å rekruttere

Rektor på skulen opplever dei det som utfordrande allereie i dag å rekruttere yrkesfaglærarar.

– Over tid har vi sett at det er vanskeleg å få gode folk frå næringslivet til å søke seg som lærarar, spesielt innanfor yrkesfag, særleg i mekaniske fag og bygg anlegg. Den nye opplæringslova legg ikkje opp til at det skal bli enklare å bli lærar i yrkesfag, seier rektor Ivar Rød.

Romsdal videregående skole

Ivar Rød er rektor på Romsdal videregående skole i Molde.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Han hadde håpa at lovendringa kunne gjort det lettare for denne gruppa å tre inn i læraryrket, men er redd det heller blir vanskelegare.

– Eg meiner at lærarar skal ha pedagogisk utdanning, og at det er viktig. Men kanskje dei har høve til å skilje litt mellom den alminnelege lærar og yrkesfaglæraren, der ein såg på den praksisen dei trass alt har med seg etter mange år i bransje.

Elev Ulrik Vestavik (16) er ein av elevane til Merieau. Han er klar på kva føresetnader som er viktig hos ein god lærar.

– Ein som kan det, som har erfaring innanfor faget. Dei har kjent på det sjølv, så dei veit kva dei held på med, seier Vestavik

Ulrik Vestavik, elev på Romsdal videregående skole.

Ulrik Vestavik (16).

Foto: Marius Andre Jenssen Stenberg / NRK

Vil fremme lovforslag til våren

Kunnskapsdepartementet fekk inn 70 høyringssvar før fristen gjekk ut femte januar. Dei jobbar no med å følgje dei opp, og skriv til NRK at dei vil vurdere kva forslag dei vil gå vidare med.

Muntlig spørretime i Stoirtinget

Kari Nessa Nordtun er kunnskapsminister (Ap).

Foto: Gorm Kallestad / NTB

«Vi ser det lite hensiktsmessig å kommentere enkeltinnspel frå høyringa før vi har fått vurdert høyringsinnspela samla.», svarar dei på e-post til NRK.

Eventuelle lovforslag blir fremma til Stortinget på våren.