Hopp til innhold

Møre og Romsdal får èin AMK-sentral

Frå 7. januar er det AMK-sentralen i Ålesund som tek imot alle naudtelefonar i fylket. Helse Møre og Romsdal har utvida og rusta opp sentralen den siste tida.

AMK-sentralen i Ålesund

Ambulansekoordinator Are Knutsen ved AMK-sentralen er klar til innsats.

Foto: Helse Møre og Romsdal

– Hjelpa du får når du ringer 113, vil vere den same som før. Men som alltid er det viktig at du er nøye med å opplyse kvar du ringer frå, slik at hjelpa kjem raskast mogeleg, seier seksjonsleiar Jan Einar Klungreseth og rådgjevar Hans Joakim Riise.

113 ringer du når nokon er utsett for ein akutt livstrugane sjukdom/ulykke. For situasjonar der det ikkje hastar så mykje skal publikum kontakte lokal legevakt.

– Snakk tydeleg og roleg

Klungeseth og Riise oppmodar folk til å snakke tydeleg og roleg, seie kva for kommune du er i of vere så nøyaktig som mogleg. Ikkje alle har ei gateadresse, men gards- eller bruksnummer er også til god hjelp for dei som sit på AMK-sentralen.

– Kartkoordinatar er eit anna alternativ om du bur på ein stad utan gatenamn. Informasjonen om dette kan du enkelt hente til dømes på nettsidene til Statkart (www.statkart.no) så du har det liggande i tilfelle det trengst forklarar Klungeseth og Riise.

- Sjølv om du kan vere i ein stressa og akutt situasjon, ta deg dei ekstra sekunda som trengst for å svare godt på spørsmåla du får – det gir deg raskast mogeleg hjelp, seier Klungreseth.

Sterke reaksjonar

Det førte til sterke reaksjonar då styret i Helse Midt-Noreg i 2013 vedtok at det berre skulle vere to AMK-sentralar i Midt-Noreg. Dette innebar at AMK-sentralen i Molde blei lagt ned og at alle 113-telefonane i Møre og Romsdal skulle gå til Ålesund.

Dei tilsette i Molde meinte at prosessen hadde vore uryddig og gått alt for fort, og det blei stilt spørsmål om tryggleiken for pasientane og om tilbodet ville vere godt nok.

Frå om med førstkomande onsdag skal alle 113-telefoner handterast i Ålesund og rådet frå seksjonsleiar Jan Einar Klungreseth og rådgjevar Hans Joakim Riise er klårt.

– Det viktigaste når du ringer er å gi god informasjon om kvar du er, og kva det gjeld.

– Hjelpen er på veg medan du er på telefon

Sjukepleiar kan stille fleire spørsmål ut frå Norsk indeks for medisinsk nødhjelp for å avgjere hastegrad og tiltak. Dette er eit verktøy som alle AMK-sentralar bruker for å gje riktig råd og rettleiing under samtalen.

Ambulansekoordinatoren vil samstundes sende ut ein ressurs etter behov. Det kan vere lege, bilambulanse, luft- eller båtambulanse.

– Dermed er hjelpeapparatet i gang allereie medan du er på telefon med AMK-sentralen, fortel Jan Einar Klungreseth.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL