Hopp til innhold

Mor sikta for drap på baby – no er ho også sikta for å ha planlagt å drepe far

Eit foreldrepar på Sunnmøre vart i fjor arrestert av politiet, etter at deira fem månadar gamle baby døydde. No er mora mistenkt for å ha planlagt å drepe faren til barnet.

Julie Ulstein politiadvokat.

Julie Ulstein er politiadvokaten som jobbar med denne saka.

Foto: Berge Myrene / NRK

Den 24. juni i år vart to personar sett i varetekt i fire veker, fordi politiet meiner dei skal ha planlagt å drepe nokon. Det står i ei fengslingavgjerd frå Frostating lagmannsrett.

Eit par dagar etterpå vart også ein tredje person sett i varetekt i same sak.

– Eg kan bekrefte at tre personar er sikta og varetektsfengsla for forbund om drap, seier politiadvokat, Julie Ulstein.

Ho seier dette er ei alvorleg sak, og at forbund om drap har ei strafferamme på 10 år.

Vidare vil ikkje politiet kommentere korleis dei oppdaga kva desse tre planla.

Mistenkt i babydødsfall

Denne fengslinga har ein samanheng med ei anna alvoleg sak. Det var i august i fjor at eit foreldrepar frå Sunnmøre vart arrestert, fordi politiet mistenkte at dei hadde noko med barnet deira sin død å gjere.

Begge to vart etter kvart sikta for drap, eller medverknad til drap.

Både mor og far vart seinare sett fri frå varetekt, medan politiet held fram med å etterforske saka.

Det er no mor i denne saka som er sikta for å ha planlagt å drepe far.

– Eg har ikkje nokon kommentar, seier advokaten til kvinna, Axel Lange.

Forsvarer til mannen som er sikta for drap på sin eigen baby, Sjur Engelsen Lange, seier mannen er rysta over at nokon har planlagt å drepe han.

– Han er sjokkert, og kan ikkje forstå kvifor dette har skjedd, seier han.

Les også Foreldre sikta for drap på baby – han blei berre fem månader

Ulstein seier dei ikkje veit korleis utviklinga i saka vil påverke den vidare etterforskinga.

– Det er for tidleg å seie noko om det, vi er framleis tidleg i etterforskinga av saka, seier ho.

Tatt av politiet

Mor, som er i 30-åra, vart i førre veke arrestert av politiet, saman med ein mann. Politiet meiner dei to skal ha planlagt å drepe far til det døde barnet.

Dette skal ha skjedd veka etter at politiet gjennomførte ein rekonstruksjon med dei involverte partane. Der valde dei ut eit sentralt tidsrom for å gå gjennom kva som skal ha skjedd då babyen døydde. Her var både mor og far til stades, kvar sin gong.

Både mora til babyen, og mannen som er sikta ilag med ho, er no sett i varetekt i fire veker. Mannen prøvde å anke varetektsfengslinga, men den vart forkasta av lagmannsretten.

Dagfinn Tynes, er forsvararen til mannen. Han opplyser at klienten tek dette veldig tungt.

– Han stiller seg uforståande til siktinga, og reknar med at vidare etterforsking vil oppklare saka for han, seier Tynes.

Opphavleg var det som sto i rettsavgjerda ikkje lov referere til i media. Lagmannsretten har no oppheva dette forbodet etter ein klage frå NRK.

Les også Drapssikta foreldre – politiet har gjennomført ein rekonstruksjon

Begge foreldra nektar straffeskuld i saka der dei er sikta for drap, eller medverknad til drap.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL