Hopp til innhold

Drapssikta foreldre – politiet har gjennomført ein rekonstruksjon

Foreldreparet som er sikta for drap, eller medverknad til drap på sin eigen baby, har denne veka vore med på ein rekonstruksjon av kva som skal ha skjedd med barnet.

Forsegla dør til hus

FORSEGLING: Bustaden til paret vart forsegla etter at dei vart arrestert av politiet.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

Den 29. juli i 2022 døydde eit fem månadar gamalt barn på Sunnmøre. Om lag ei veke etterpå vart foreldra til barnet arresterte og sikta av politiet.

Denne veka har politiet gjennomført ein rekonstruksjon i saka.

– Vi valde ut eit sentralt tidsrom og åstad, og gjekk gjennom hendingsgangen i saka, seier politiadvokat, Julie Ulstein.

Ho forklarer at ein rekonstruksjon er eit avhøyr på ein åstad, der ein ved bruk av andre personar, eller rekvisittar får moglegheita til å vise kva som har skjedd.

Ulstein seier dei gjennomførte rekonstruksjonen for å kunne etterprøve kva dei sikta ha forklart.

Ho ikkje kommentere kva dei mistenker skal ha skjedd med barnet.

– Politiet vil ikkje på dette tidspunktet seie noko om kva type vald vi mistenker er brukt.

Julie Ulstein politiadvokat.

Politiadvokat Julie Ulstein i Møre og Romsdal politidistrikt.

Foto: Berge Myrene / NRK

Samarbeider med politiet

Advokaten til mor seier ho framleis nektar straffeskuld, og ikkje har noko kommentar rundt etterforskinga.

– Ho samarbeider med politiet og har vore med i denne rekonstruksjonen, seier advokat, Axel Lange.

Også far i denne saka nektar straffeskuld.

– Han har medverka til rekonstruksjonen etter beste evne. No håper han at politiet kan sluttføre etterforskinga så fort som mogleg, slik han kan legge denne saka bak seg, seier advokat, Sjur Engelsen Lange.

Har etterforska i eitt år

Det var i august i fjor at politiet starta å etterforske foreldreparet, etter at babyen deira døydde.

Begge to vart sett i varetekt i fleire månadar før dei fekk sleppe ut.

Først var dei sikta for vald i nære relasjonar, eller å ha medverka til det. Men den vart seinare endra til drap eller medverknad til drap.

Politiadvokat Julie Ulstein kan ikkje seie noko om når dei ventar at etterforskinga er ferdig.

– Vi ventar framleis på ein gjennomgang av nokre digitale beslag. Så kan det generere nye skritt i etterforskinga. Kanskje dukkar det opp nye ting vi må finne ut av, eller undersøke næmare.