Hopp til innhold

Foreldre sikta for drap på baby – han blei berre fem månader

Eit foreldrepar i 30-åra er sikta for å ha tatt livet av babyen sin. – Ho klarer ikkje forstå det, seier mora sin forsvarar.

Forsegla dør til hus

Døra til familien si leilegheit blei forsegla kort tid etter at babyen blei funnen død. Kripos blei også kopla inn i saka.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

Babyen var berre fem månader gamal då han blei funnen død heime hos foreldra på Sunnmøre i sommar. Etter kort tid blei foreldra arresterte og sikta for mishandling. Samstundes blei Kripos kopla inn i saka.

No utvidar politiet siktinga til drap eller medverking til drap.

– Det skjer på bakgrunn av ei samla vurdering, seier politiadvokat Julie Ulstein ved Møre og Romsdal politidistrikt.

– Er det nye spor i saka som gjer at dei no blir sikta for drap?

– Ja, i den samla vurderinga er det også nye funn i saka, mellom anna inngår den endelege obduksjonsrapporten, seier ho.

Ho vil ikkje gå inn på kva obduksjonsrapporten seier om dødsårsaka.

Politiadvokat Julie Ulstein i Møre og Romsdal politdistrikt.

Politiadvokat Julie Ulstein i Møre og Romsdal politidistrikt.

Foto: Idun Aalbu Rasmussen / NRK

– Tøff påkjenning

Først var foreldreparet sikta for vald i nære relasjonar, deretter for grov mishandling. No meiner politiet at dei to har gjort seg skuldig i drap på sitt eige barn.

– Umiddelbart er reaksjonen at det er ei svær belastning for min klient. Saka har vore veldig tøff over lang tid, og dette er heilt klar ei kjempealvorleg ytterlegare påkjenning, seier Axel Lange, som representerer mora.

– Kva meiner ho har skjedd?

– Ho klarer ikkje å forstå det, seier han.

Ingen av foreldra vedgår straffskuld.

– Han synest det er uverkeleg å vere sikta i ei slik sak når han veit at han ikkje har gjort noko gale, seier advokaten til barnefaren, Sjur Engelsen Lange.

Axel Lange sit på eit kontor. Han har rødleg, kort hår og skjegg. Han har briller og ei blå kneppa skjorte. På pulten framom han ligg ei datamus, nokre skjermar og ein haug dokument. Lange ser på noko bak kameraet medan han pratar.

Axel Lange er forsvarar for mora som no er sikta for drap. Han seier at ho ikkje klarer å forstå kva som har skjedd.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Neppe ny fengsling

Begge foreldra i 30-åra har vore fengsla i lang tid i haust, men sleppte nyleg ut. Då meinte politiet at det ikkje lenger var fare for at dei kunne øydelegge bevis.

Politiet har vurdert å be om at foreldreparet skulle varetektsfengslast på nytt, før ein eventuell tiltalte og rettssak.

Politiadvokat Julie Ulstein seier dei har landa på å ikkje be om ny fengsling.

Forsvarar Axel Lange er fornøgd med det.

– I denne saka er det rett. Det er strenge vilkår for varetektsfengsling og dei har vore varetektsfengsla, seier han.

Babyen blei gravlagd tidlegare i haust på ein kyrkjegard på Sunnmøre med foreldra og politiet til stades.

Les også Politiet utvidar sikting mot foreldra etter at baby døydde

Forsegla dør til hus