Hopp til innhold

Mor sikta for å ha planlagt å drepe barnefar lauslaten frå varetektsfengsling

Mora som er sikta for å ha drept sin fem månader gamle baby og for å ha planlagt drap på barnefar blir lauslaten frå varetektsfengsling.

Julie Ulstein politiadvokat.

Politiadvokat Julie Ulstein i Møre og Romsdal politidistrikt.

Foto: Berge Myrene / NRK

I fjor sommar vart foreldreparet på Sunnmøre arresterte, etter at babyen deira døydde. Dei vart seinare sett fri frå varetekt.

I juni i år vart mora igjen varetektsfengsla, denne gongen saman med ein annan mann. Politiet meiner dei to skal ha planlagt å drepe far til det døde barnet.

No blir dei sett fri frå varetektsfengslinga, stadfestar politiet.

– Saka er framleis under etterforsking, men slik vi vurderer saka no, så er det ikkje lenger grunnlag for å halde dei sikta varetektsfengsla, seier politiadvokat Julie Ulstein i Møre og Romsdal politidistrikt til NRK.

– Det er ikkje lenger slik at det er fare for at bevis kan gå tapt, som gjer det nødvendig med varetektsfengsling.

Advokat Sjur Engelsen Lange representerer barnefaren, og har følgjande å seie om at kvinna er sett fri.

– Det er spesielt, men det er ei vurdering som politiet har gjort, og då må ein berre stole på at den er gjort med eit fornuftig rasjonale, seier Lange."

Sjur Engelsen Lange

Advokat Sjur Engelsen Lange representerer mannen som politiet meiner det er blitt planlagt drap på.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Advokaten til den sikta mora, Axel Lange, har førebels ikkje snakka med klienten sin.

Mistenkt etter babydødsfall

Det var i august i fjor at eit foreldrepar frå Sunnmøre vart arrestert, fordi politiet mistenkte at dei hadde noko med barnet deira sin død å gjere.

Begge to vart etter kvart sikta for drap, eller medverknad til drap.

Både mor og far vart seinare sett fri frå varetekt, medan politiet held fram med å etterforske saka.

24. juni vart mor i denne saka saman med ein annan mann sikta for å ha planlagt å drepe far til det døde barnet.

Dette skal ha skjedd veka etter at politiet gjennomførte ein rekonstruksjon med dei involverte partane.

Framleis sikta for planlegging av drap

Torsdag vart dei to sett fri. Saka er under etterforskning og dei to er framleis sika for planlegging av drap.

– Etterforskninga av saka vil halde fram og ein vil særleg ha fokus på gjennomgang av beslag, seier Ulstein.

Ho legg til at det er for tidleg å seie noko om korleis denne siktinga påverkar den vidare etterforskninga av babydødsfallet.