Hopp til innhold

Monsterbølgja vil råke ti kommunar

Ti kommunar rundt Storfjorden blir råka av ei flodbølgje om det skulle gå ras frå Åkerneset. Det viser ei ny analyse. Rekkevidda av ei flodbølgje er dermed større enn ekspertane hadde forventa.

Åkernesremna
Foto: NRK

No treng Sykkylven, Sula og fleire andre kommunar beredskapsplanar på same måte som Stranda og Stordal. Det seier Kjell Jogerud som er prosjektleiar for Åknes/Tafjord-prosjektet.

- Det er klart vi er nødt å reagere. No får fylkesmannen ei tilbakemelding på utrekningane som er gjort. Så er det naturleg at fylkesmannen på si side vurderer og kontaktar dei seks nye kommunane dette angår.

Evakueringsplanlegging

- Tida er inne for at dei andre kommunane reagerer. Så langt er dei informert om kva som skjer innerst i Storfjorden, men med desse nye tala er det viktig at også desse andre kommunane får augene opp. Dei ligg i eit område som ligg så lågt over havet at dei bør starte å planlegge ein evakueringsplan og iverksette andre tiltak, seier Jogerud.

35 millionar kubikk

Viss det går gale vil 35 millionar kubikk med fjell rase ned i Storfjorden og lage ei enorm bølgje. Konsekvensane er større og alvorlegare enn det som er tenkt før.

- Vi er overraska over dei nye tala vi har funne. Og at det vil få konsekvensar så langt ut i fjordsystemet.

Dei ti kommunane som vil bli råka av flodbølgja er Skodje, Sykkylven, Ålesund, Sula, Hareid, Ørsta, Stranda, Norddal, Stordal og Ørskog.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL