NRK Meny
Normal

Moldemannen i Ecuador: – Ting falt ned frå hyllene

Odd Magnus Venås frå Molde opplevde det kraftige jordskjelv som ramma Ecuador på nært hald.

ECUADOR-QUAKE/

Mange titals skal vere døde etter eit kraftig jordskjelv i Ecuador natt til søndag.

Foto: STRINGER / Reuters

Jordskjelvet hadde ein styrke på 7,8 og ramma kysten av landet verst. Episenteret var 19,2 kilometer under havoverflata og låg 27 kilometer sør-søraust for Muisne, eit lite befolka område med mange fiskarlandsbyar, som er populært blant turistar. Skjelvet har gjort store materielle skadar, særleg i hamnebyen Guayaquil.

Moldemannen Odd Magnus Venås (32) bur i Guayaquil saman med familien der han jobbar for den norske misjonsorganisasjonen Normisjon. Han og familien kom uskadd frå skjelvet som skal ha tatt minst 77 menneskeliv. Venås sjølv var i kyrkja då jordskjelvet trefte. På Facebook skriv han følgjande:

– Eg var i kyrkja med tenåringsgruppa når jordskjelvet kom. Kyrkja er godt bygd, så der var vi trygge, men i husa rundt løp mange ut i gatene. Heldigvis er ikkje skadane så store i vårt område.

Til VG fortel Venås at familien hans, som var heime, løp ut av huset då det byrja å riste og at ting falt ned frå hyllene.

Ingen nordmenn skal vere skadd

Flyplassen i Guayaquil er stengt etter skjelvet på grunn av at kommunikasjonssystemet har blitt slått ut. Ei bru i byen kollapsa også. I Malta blei flyplassen stengt etter at flytårnet fekk store materielle skadar.

Jordskjelvet kunne kjennast i nabolanda Colombia og Peru. I Ecuadors hovudstad Quito, som ligg rundt 17 mil unna episenteret, svaia bygningar og skremte menneske løp ut i gatene. Straumen og mobildekninga blei også borte ei periode.

Så langt er det ingenting som tyder på at nordmenn er skadd i jordskjelvet i Ecuador. Det seier kommunikasjonsrådgjevar Rune Bjåstad i Utenriksdepartementet til NRK. UD har vore i kontakt med den norske ambassaden i Chile.

Laster kart, vennligst vent...

Jordskjelvet hadde episenter rundt 30 kilometer søraust for kysten av Muisne.