Hopp til innhold

Moldejazz takkar sola

- Det såg mørkt ut eit par dagar, men med sola kan rekordane kome, trur marknadssjefen.

Nils Petter Molvær på Break of day

KONSERT: Break of day vart akkurat så vakkert som det kunne verte i Molde laurdag morgon.

Foto: Frode Berg / NRK

Moldejazz 2010 har tapt store summar på dårleg ver dei første dagane av festivalen.

LES MEIR: Taper hundretusener på regnet

LES MEIR: - Aldri sett det så gale

LES MEIR: Ser ikkje ut på Romsdalsmuseet

- Sola betyr mykje

Men til helga kom sola, og dermed var mykje gjort.

- Sola betyr mykje, seier marknads- og sponsorsjef Hans-Olav Solli.

Han har ikkje tala klare enno, men er heilt overtydd om at den betyr pengar i kassen.

LES OGSÅ: - Vi er ikke drukna rotter lenger

Snakkar om rekordar

Nils Petter Molvær

MORGONFUGL: Nils Petter Molvær leverte varene også tidleg om morgonen.

Foto: Frode Berg / NRK

- Sola set ein rakettmotor på billettar, restaurantbesøk og effektsal. Dette gjorde seg veldig, seier Hans-Olav Solli.

Han seier at billettsalet likevel totalt har vore ganske bra.

- Bortsett frå to dagar på museet er me der me ville vere.

Marknadssjefen tør endåtil å snakke om rekordar.

- Hang etter budsjettet

Publikum på Break of day

REKORD: Rundt 1500 møtte opp på den grytidlege konserten.

Foto: Frode Berg / NRK

- Eg trur me kan oppnå nokre billettrekordar. Me hang litt etter budsjett eit par dagar, men med dei to siste trur eg me tar igjen mykje.

For tredje året vart det halde Break of day-konsert laurdag morgon.

Rundt 1500 personar hadde tatt vegen til Reknesparken klokka 7 for å høyre konsert med Nils Petter Molvær og Biosphere.

Det er truleg også rekord.

Nils Petter Molvær

HOVUDARTISTEN: Nils Petter Molvær er Artist in residense på Moldejazz 2010.

Foto: Frode Berg / NRK