Hopp til innhold

- Aldri sett det så gale

Området på Romsdalsmuseet i Molde ser ikkje ut etter konsertane dei siste dagane.

Sølepytt på Romsdalsmuseet

Slik ser området på Romsdalsmuseet ut.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Mykje regn kombinert med alle som har trakka rundt i området i samband med utekonsertane på museet er årsaka.

Konsert på Romsdalsmuseet

Publikum hadde det fint på konsert på Romsdalsmuseet, trass i gjørme under beina.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Det her er drukna jord, det er i ferd med å bli gjørme, fortel museumsdirektør Jarle Sanden.

Arrangement kvar dag

Sidan festivalen opna måndag har det vore arrangement kvar dag på Romsdalsmuseet.

På konsertområdet har det blitt lagt ut matter for å skåne underlaget.

– Jazzfestivalen har gjort så godt dei kan. Dette er ein situasjon som ingen av oss har kontroll på. Vi prøver å bøte på det, men no er det ille, seier Sanden.

Museumsdirektøren vedgår at belastinga har blitt for stor med mykje nedbør og mange besøkande.

– No er det for mykje på sett og vis. Men for Moldejazz og for fellesskapet og for byen sin del så er det akseptabelt. Poblemet vårt er at museet skal vere klar til drift til slutten av komande helg, fortel Sanden.

- Aldri sett det så gale

Han trur at ein får området i stand igjen med ein solid dugnadsinnsats frå alle partar.

– Med mannskap frå festivalen, velvilje og at folk har forståing for at dette er ein situasjon som ingen har skuld i, så trur eg at dette går bra. Men eg har aldri før sett det så ille her, seier Sanden.