Hopp til innhold

Ser ikkje ut på Romsdalsmuseet

Området på Romsdalsmuseet i Molde ser ikkje ut etter dei siste dagane. Det fortel museumsdirektør Jarle Sanden.
 

Mykje regn kombinert med alle som har trakka rundt i området i samband med utekonsertane på museet er årsaka.

Sanden understrekar at ingen er skuld i dette, og at festivalleiinga gjer så godt dei kan for å skåne området.

Han håpar eit samarbeid kan få området raskt i stand til vanleg museumsdrift igjen.