Hopp til innhold

Molde vil ha ski-NM

Molde er igjen blant søkjarane til NM på ski som skal arrangerast i 2013.

Skistadion på Skaret

Skistadion på Skaret

Foto: Gunnar Sandvik/NRK Møre og Romsdal

Forholda på Skaret ligg godt til rette for at Noreg sin ski-elite nok ein gong skal kunne konkurrere om kongepokalen i Molde. Det meiner leiar Tore Witsø i Molde og omegn idrettsforening.

- Alle løypene er godkjende av FIS slik at vi slepp å gjere noko utover det vi sjølve måtte ønskje å gjere i samarbeid med skiforbundet.

MOI vil bygge skiskytingsarena

- Skikkelig overrasket over seieren

MOI meiner dei har gode sjansar

- Vi veit i alle fall at vi ikkje er ute av biletet, og vi hadde ikkje søkt om vi ikkje hadde hatt tru på at vi skal få NM. Vi har ingen signal på at vi ikkje skulle vere sterkt inne i biletet, seier Witsø.

Kven som skal få arrangere ski NM blir avgjort i slutten av månaden.

Skisøndag på Skaret
Foto: Jon Helge Indbjør

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL