Hopp til innhold

Molde slo Ranheim

Magne Hoseth ble kåret til hjemmelagets beste
Foto: Tor Yttri / Scanpix

Molde FK hadde sine problem mot 1.divisjonslaget Ranheim, men vann til slutt 3-2 etter scoringar av Magne Hoseth, Daniel Chima og Even Hovland.

Kampen vart spelt på kunstgrsbana i Årølia i Molde. MFK mangla nokre av sine beste spelarar, men stilte likevel eit godt nok lag til å vinne kampen.

På Molde starta desse 11: Valderhaug; Simonsen, Hovland, Vatshaug, Rindarøy; Stamnestrø, Camara, Hoseth; Linnes, Dantas, Chima. Det betyr at spelarar som Bugge Pettersen, Forren, Angan og Berg Hestad med fleire ikkje spelte.

Daniel Chima Chukwu

Chima i aksjon i fjor

Foto: Svein Ove Ekornesvaag / Scanpix

Ranheim sjokkopna MFK med å gå opp til 2-0 før det var spelt eit kvarter av kampen, men MFK kom gradvis til hektene. Stillinga heldt seg slik til pause, men Magne Hoseth reduserte tidleg i 2.omgang. Midtvegs i omgangen ordnar først Chima utlikningsmålet før Hovland set inn sigersmålet 12 minutt før slutt.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL