Hopp til innhold

Journalist: – Molde kan ha fått 80 millionar kroner for Solskjær

MOLDE (NRK): Molde-direktør Øystein Neerland er letta for at ein heil vinter med spekulasjonar er over. Avtalen med Manchester United kallar han «grei».

Øystein Neerland

NØGD OG LETTA: Øystein Neerland, administrerande direktør i Molde FK, møtte NRK like etter at nyheita om at Ole Gunnar Solskjær vart fast manager i Manchester United kom.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Ifølgje sportsjournalisten Nick Harris, som har spesialisert seg på pengar i idretten, skal Molde ha fått rundt sju millionar pund – det vil seie nærare 80 millionar norske kroner – i kompensasjon.

Laster Twitter-innhold

– For å setje det i kontekst så er det om lag to tredjedelar av budsjettet til Molde FK, skriv Harris vidare.

Ole Gunnar Solskjær

FAST MANAGER: Ole Gunnar Solskjær.

Foto: Ian Walton / Reuters

Øystein Neerland vil ikkje seie kor mykje Molde FK får i kompensasjon frå det som blir omtala som verdas største fotballklubb.

– Det har vore spekulert mykje om økonomi. Eg kan bekrefte at vi får ein kompensasjon. Storleiken på den eller innhaldet kan vi ikkje fortelje.

– Men er de nøgde med summen de får frå Manchester United?

– Ja, vi er nøgde med at ting er avklara. Og det er ein avtale vi er greitt nøgde med, seier Øystein Neerland.

Han røper at det ikkje vart klart før torsdag morgon at partane var einige om ein avtale.

– Eg oppfattar det slik at ting kom på plass i går kveld og i dag tidleg, seier den administrerande direktøren.

Arne Scheie om ansettelsen av Ole Gunnar Solskjær.

Arne Scheie om tilsetjinga av Ole Gunnar Solskjær.

Letta over avgjerd

Øystein Neerland er svært letta for at fleire månader med spekulasjonar no er over.

– Det var bra og viktig for oss å ei avklaring med omsyn til kor vidt han skulle bli permanent manager eller ikkje, seier Neerland til NRK få minutt etter at nyheita om at Solskjær vart fast manager i Manchester United sprakk.

Det har nemleg vore ein svært travel vinter på Aker Stadion. Internasjonal presse har ringt klubben fleire gonger dagleg for å få dei til å kommentere kor vidt Solskjær skal bli permanent manager i Manchester United eller ei.

– På den eine sida er vi glade for merksemda fotballen får i media. Men i periodar har det vore i overkant. Men det er godt å sleppe spekulasjonane frå media verda rundt, seier Neerland.

Øystein Neerland møtte NRK torsdag morgon.

– Ikkje veldig overraskande

Molde-direktøren gler seg mest av alt på vegner av Ole Gunnar Solskjær.

– Ole Gunnar har alltid hatt ein draum om å trene Manchester United. Det er litt overraskande at han har gjort det så godt, men ikkje veldig overraskande. Ole Gunnar er seg sjølv. Eg trur han er flink til å vare på spelarane og kommunisere med dei. Han er flink til å lage eit godt miljø. Han har dessutan fotballkompetanse på eit høgt nivå, skyt Neerland.

 Bernt Hjørnevik er leder i den norske supporterklubben til Manchester United.

Bernt Hjørnevik er leiar i den norske supporterklubben til Manchester United.

Moe tek over

Erling Moe har vore mellombels Molde-hovudtrenar sidan desember og held fram som det, utan at klubben har fått på plass ein ny avtale med Moe enno.

– Eg er «fole» glad på Ole Gunnars vegner. Det er ekstremt artig. Og så var det flott at det vart landa no og at Ole Gunnar får eit lenger perspektiv på jobben sin i Manchester, seier Erling Moe til NRK.

Han har ikkje oversikt over kva Molde FK får i kompensasjon frå Manchester United og eventuelt kan bruke på nye spelarar.

– Den pengebiten har eg inga oversikt over. Det er vel slik at om det drypp på klokkaren så er det vel bra det. Men eg har ikkje snøring på desse tinga her, seier Moe.

Moe

Erling Moe er hovudtrenar i Molde, frå no av også på fast basis.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL