Hopp til innhold

Molde - Aalesund snart utseld

Tysdag ettermiddag var det berre 537 billettar tilgjengelege for sal på Internett.

 AaFKs Tor Hogne Aarøy i duell med Moldespillere
Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / SCANPIX

Salet på Internett tok til i går. Då blei det lagt ut 1900 billettar.

Vanskeleg å få tak i

For dei som bur utanfor Molde, som ikkje er med i nokon supporterklubb, eller som ikkje har kontaktar med nokon sponsor, har det vore vanskeleg å få tak i billettar. Kampen går for å vere ein "høgrisikokamp", og berre eit fåtal billettar har dermed vore lagde ut til sal over Internett.

Høgrisiko

- Vi la ut billettane i går. Men salet er avgrensa til nokre få felt av omsyn til tryggleiken, seier Jan Arild Byttingsvik i Molde fotballklubb. Dette er ein høgrisikokamp, slik politiet definerer det. Det betyr ikkje at moldensarar og ålesundarar er stygge mot kvarandre. Det er lovene og reglane som styrer dette, seier Byttingsvik.

Lite reaksjonar

Jan Arild Bytingsvik seier det har vore lite reaksjonar på at berre eit fåtal billettar har vore lagt ut for ope sal på Internett.

- Det har vore fint lite reaksjonar. Folk har ei forståing av kva som skjer, på ein måte. Det er av omsyn til tryggleiken, seier Byttingsvik.

Ventar ikkje bråk

Sjølv om det blei ein del bråk i samband med kampen mellom Molde og Rosenborg, ventar ikkje Mfk liknande tilstandar denne gongen.

- Nei, fint lite, eigentleg, seier Byttingsvik. Vi har snakka med politiet, og også dei seier hjarteleg velkomen til sunnmøringane. I fjor sat vi også blanda, og det er veldig artig for oss også.

Mange sunnmøringar

Jan Arild Byttingsvik seier dei no ikkje legg noko grenser for kor mange sunnmøringar som skal få kome inn på tribunane.

- Vi tek imot så mange som mogleg, og så satsar vi på at vi får til ei skikkeleg god stemning her, seier han. Når vi kjem ut over i veka no, reknar vi med at billettsalet verkeleg tek seg opp. Dette blir utseld og stormande jubel, seier Byttingsvik.

Like før klokka 18.00 tysdag noterer vi at det er 454 ledige billettar tilgjengeleg via Internett på J-feltet, 12 på M-feltet og 71 på L-feltet. I tillegg kjem billettar som blir selde gjennom andre kanalar.