NRK Meny
Normal

Mistenkt for kyrkjebrann blir framstilt for fengsling tysdag

Mannen i 30-åra som er mistenkt for å ha sett fyr på inngangspartiet til Ørsta kyrkje blir framstilt for varetektsfengsling tysdag. Politiet fryktar det skal skje igjen.

Brannskade Ørsta kyrkje

Mannen som er mistenkt for å stå bak brannen blei først tatt hand om av helsevesenet, før han blei sett i arrest.

Foto: Janne-Marit Myklebust

Brannen i Ørsta kyrkje laurdag sette ein støkk i mange. Fleire skal ha sett ein mann helle tennvæske på inngangspartiet og deretter tenne på. Den mistenkte mannen blei først tatt hand om av helsevesenet, men blei søndag sett i arrest og blir truleg framstilt for varetektsfengsling tysdag.

Merethe Falkevik, politiadvokat Nordmøre og Romsdal politidistrikt

Politiadvokat Merethe Falkevik seier den mistenkte mannen er sikta for grovt skadeverk på Ørsta kyrkje, og at dei fryktar gjentaking.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Vi har arrestert ein person sikta for grovt skadeverk på Ørsta kyrkje. Vi vil framstille han for varetektsfengsling tysdag, seier politiadvokat Merethe Falkevik ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Falkevik seier dei ber om varetektsfengsling på grunn av gjentakingsfare, men avviser at han tidlegare er bøtlagt eller domfelt for eldspåsetjing tidlegare.

– Dette er ut ifrå ei totalvurdering, seier ho.

Restaurering i gang for fullt

Allereie søndag sette ekspertar i gang med restaurering og nedvask etter røykskadane kyrkja blei utsett for dagen før. Brannen blei sløkt etter kort tid, men det blei likevel sotskadar mellom anna på altertavla og på kyrkjesølvet.

Rensing av kyrkjekunsten i Ørsta

Ekspertar frå Oslo konserveringsatelier er i full gang med restaureringa av Ørsta kyrkje.

Foto: Arnstein Myklebust

Kyrkjeverje Arnstein Myklebust seier måndag kveld at to ekspertar frå Oslo konserveringsatelier no går over all kyrkjekunsten medan seks-sju tilsette frå Polygon vaskar.

Ekspertane går over all kyrkjekunsten og sørgar for reinsing og for at det ikkje blir seinskadar. Polygon vaskar ned heile kyrkja, seier han.

Allereie laurdag er det etter planen konfirmasjon i kyrkja, og Myklebust seier planen er å prøve å bli ferdige.

Her blir det full gass heile veka for å kome i mål, seier han.

Kyrkjekunst i kjellaren

Ein del av kyrkjekunsten er flytta ned i kjellaren for å kontrollerast og reinsast der av spesialistane frå Oslo.

Foto: Arnstein Myklebust

Søndag måtte den planlagde gudstenesta flyttast til bedehuset like ved.

Vil ikkje seie noko om avhøyret

Brann i Ørsta kyrkje

Ørsta kyrkje blei sett i brann laurdag ettermiddag, men sløkt etter kort tid.

Foto: Janne-Marit Myklebust

Falkevik seier mannen er avhøyrt, men vil ikkje seie noko om kva som kom fram i avhøyret.

Reidar Andresen er nemnd opp som forsvarar for mannen, men seier søndag ettermiddag at han førebels ikkje snakka med klienten sin.