Hopp til innhold

Milliontap etter krangel med Hurtigruten

Meiner rettssaka mellom Stranda Hamnevesen og Hurtigruten kosta kommunen fire millionar kroner.

Sørgående hurtigrute MS Polarlys med kurs for Sortland, Andøya i bakgrunnen.

Stranda kommune kan ha tapt millionar etter krangelen om passasjervederlag med Hurtigruten.

Foto: Trond Gansmoe Johnsen

Gruppeleiar for Frp i kommunestyret i Stranda, Frank Sve, meiner kontrollutvalet i kommunen må sjå nærare på prosessen som førte til rettssak mellom Stranda Hamnevesen og Hurtigruten.

Krangelen mellom Hurtigruten og Stranda Havnevesen varte i over to år. Det heile starta hausten 2011 då Stranda Havnevesen vedtok å krevje same hamneavgift frå Hurtigruten som dei krev frå cruiseskipa.

Tapt om lag fire millionar

Frank Sve

Gruppeleiar for Frp i kommunestyret i Stranda, Frank Sve, trur kommunen har tapt millionar.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Stranda Hamnevesen meinte at Hurtigruten skulle betale 15 kroner i passasjervederlag for alle passasjerane som er om bord, uansett om dei går i land i Geiranger eller ikkje. Hamnevesenet saksøkte difor Hurtgiruten for nesten tre millionar kroner.

I ein interpellasjon til kommunestyret denne månaden peikar Sve på at kommunen har tapt om lag fire millionar kroner som følgje av tapet i retten.

No vil han mellom anna at kontrollutvalet skal finne ut om kommunestyret har fått den informasjon som var nødvendig for å kunne vurdere føljene av rettsprosessen.

26. november slo Frostating lagmannsrett fast at Stranda hamnevesen ikkje har rett til å krevje passasjervederlag frå Hurtigruten.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL