Hopp til innhold

Vil sende frosne torskehovud til Kina

– Kinesarane ler av oss fordi vi kastar fiskehovuda på havet, seier Claus Opshaug. No vil ålesundsbedrifta satse i Kina.

Torskehoder

Mykje av fiskehovuda frå den havgåande fiskeflåten blir kasta på sjøen fordi det ikkje er marknad for dei.

Foto: Petter Strøm / NRK

150 kinesiske kokkar har dei siste dagane konkurrert i å lage den beste retten basert på norske torskehovud.

I Kina er fiskehovud ei delikatesse, men i Noreg er det få som vil ha dette. Fiskarane kastar difor mykje av hovuda tilbake på havet. Det vil ålesundsbedrifta C Food Norway sette ein stoppar for.

Dei er på sjømatfestival i Kina og alle dei treff på kan ikkje forstå kvifor hovuda blir kasta.

– Dei ler av oss og lurer på kva vi tenker på, seier dagleg leiar Claus Opshaug.

Claus Opshaug i C Food Norway

Claus Opshaug i bedrifta C Food Norway har som mål at torskehovud skal bli ei like sterk merkevare som norsk laks og makrell.

Foto: C Food Norway

Ler av nordmenn

Planen til ålesundsbedrifta er å sende frosne torskehovud frå fiskebåtane, til Kina. I Kina skal hovuda bli reinsa, pakka og distribuert til restaurantane.

– Vi vil lage ei merkevare av dei norske torskehovuda. Kina er ein marknad som er vande med å utnytte heile dyret, anten det gjeld kjøt eller fisk, seier Opshaug.

Han seier at deltakarane på festivalen set pris på ferskheita ein får ved å fryse torskehovuda om bord i fiskebåtane.

Målet er å gjere norske torskehovud like kjende som norsk laks og makrell.

Norsk uerhovud blir brukt i ein kokkekonkurranse i Kina

Her blir eit uerhovud frå Noreg brukt i den kinesiske kokkekonkurransen.

Foto: C Food Norway

Proteinpulver av torsk

Ein rapport frå Sintef Ocean viser at 30 prosent av torskehovuda ikkje blir utnytta.

– Fartøya har avgrensa lagringsplass når dei er ute i fleire veker i gongen og må prioritere det som gir best betaling, seier forskar Magnus Myhre.

Han legg til at det har skjedd ei stor utvikling dei siste åra der stadig meir av restråstoffet på fisken blir brukt.

Tradisjonelt har torskehovud blitt hengt til tørk og eksportert til Nigeria og Asia, men dei siste åra har uro endra marknaden og ein har difor sett på alternativ bruk av hovuda. Eitt produkt som er testa ut er proteinpulver som kan brukast til sportsernæring.

Myhre trur endå meir av fisken kjem til å bli utnytta i åra framover, fordi torskekvotane har blitt mindre.

– Då blir det meir interessant å utnytte restråstoffet på ein betre måte, trur Myhre.

Fiskarane om bord i Leinebris tar vare på torskehovuda

Ofte blir fiskehovuda kasta på sjøen. No har fiskarane på båten Leinebris starta å fryse hovuda.

Foto: Leinebris

Måtte betale for destruering

Om bord i fiskebåten Leinebris i Herøy er dei glade for at fiskehovuda kan kome til nytte. Tidlegare har det ikkje vore lønsamt å ta vare på hovuda.

– Det meste av torskehovuda går tilbake til havet, slik det har vore for dei fleste båtar. Det har ikkje vore marknad for dei, seier marknadssjef Lisa Leinebø Pinheiro.

Tidlegare har dei prøvd å ta vare på torskehovuda, men ikkje hatt kundar. Dermed har dei sjølve måtte betalt rekninga for destruering.

Pinheiro meiner politikarane ofte kjem med store ord og eit ynskje om at heile fisken skal brukast, men resultata blir borte. Marknaden manglar rett og slett.

– Fiskarane ynskjer å ta vare på restråstoff og skape verdiar, men det er ingen vits i å gjere det dersom det ikkje står nokon på kaia og tar imot, seier Pinheiro.

No gler dei seg over forsøket til ålesundsbedrifta og skal fryse torskehovuda framover i staden for å kaste dei på sjøen.

Les også Ny forskning: Fant at fiskeinnvoller hjelper mot depresjon

Fiskeavskjær