– Eg må finne ut av dei juridiske rammene rundt dette, seier Pedersen-Eriksen.
Ho ønskjer ikkje å svare på om biskopen har vore i kontakt med henne i dag, men seier ho får hjelp til å undersøke kva reglar som gjeld.
– Eg er i ein prosess der eg prøver å finne ut av dette no, så eg har kontakta advokat.
– Er du skuffa over tilbakemeldinga frå Midttømme?
– Det ønskjer eg ikkje å kommentere.
Nektar å ordinere
Ingeborg Midttømme har ikkje endra syn på ordinering av prestar som er gift med personar av same kjønn.
Foto: Gunnar Sandvik / NRKDet var til avisa Vårt Land at Midttømme i dag uttalte at ho ikkje kjem til å ordinere Pedersen-Eriksen. Både soknerådet og bispedømmerådet har gått inn for å tilsetje presten, som har vore open om at ho er homofil og at ho skal gifte seg til sommaren.
- Les også:
Det er første gong Møre bispedømeråd behandlar ei slik sak. Midttømme har tidlegare vore klar på at ho ikkje ønskjer å ordinere prestar som er gift med ein av same kjønn.
I følgje Midttømme er det heller ikkje mogleg å bli ordinert ein annan stad i landet for så å ta jobben i Sandøy.
– Kyrkjeretten opnar ikkje for det, seier ho til Vårt Land.
– Ikkje overraska
Fungerande leiar i Møre bispedømmeråd, May Lisbeth Hovlid Aurdal, seier ho var kjent med haldninga til biskopen før vedtaket blei gjort.
– Eg er ikkje overraska, og eg har respekt for at ho tar sine avgjerder på det grunnlaget som ho finn å måtte ta avgjerder på.
- Les også:
Ho seier vedtaket er gjort med atterhald om at presten blir ordinert.
– Det er vår mynde, så har biskopen ansvaret for sitt område.
– Er du skuffa?
– Eg var kjend med biskopen sin ståstad frå før.
– Utfordrande sak
Midttømme meiner vedtaket har sett både henne og Pedersen-Eriksen i ein vanskeleg situasjon. Hovlid Aurdal vedgår at saka er vanskeleg.
– Å ta avgjerder på område der vi har ulike ståstader er utfordrande.
– Kvifor ønskte de å tilby henne jobben?
– Vi har sett på hennar kvalifikasjonar og tatt ei heilskapsvurdering ut frå det, som blir reflektert i vedtaket vårt.