NRK Meny

Midsund på Robek-lista

Midsund kommune er meld inn på fylkesmannen si Robek-lista over kommunar som treng statleg kontroll med økonomien. Kommunen har gått med underskot to år på rad. 2016-underskotet skulle dekkast inn i 2017, men i staden fekk kommunen eit nytt underskot. Dei kommunane som hamnar på Robek-lista må godkjenning frå fylkesmannen for å kunne ta opp lån eller inngå langsiktige leigeavtaler. Frå før er fire kommunar på lista. Det er Ålesund, Giske, Stranda og Sande.