Hopp til innhold

– Rollen som trenar kjennast veldig bra

Torsdag tok Michelsen formelt over sjefsjobben i førstedivisjonsklubben KBK. Fredag står han på sidelinja i den første offisielle kampen.

Christian Michelsen tiltrer i rollen som hovedtrener med umiddelbar virkning.

FOTBALLIDIOT: Christian Michelsen er godt fornøgd med å bli ny trenar for Kristiansund ballklubb.

Kristiansund spelar i kveld sin første fotballkamp med Christian Michelsen som hovudtrenar. Torsdag tok Michelsen formelt over sjefsjobben i førstedivisjonsklubben KBK, etter at Geir Bakke valde å gå til Molde i januar.

Han har vore i leiinga for to treningskampar allereie. Det byrja med 2–2 mot Rosenborg og fortsette med 4–2 mot Aalesund.

Kjenner klubben godt

Fredag er det klart for den tredje kampen mot Hødd i Sunnmørshallen. Michelsen kjenner klubben svært godt frå før – som både trenar og spelar.

Kampen mellom Hødd og KBK enda 1-0.

– Det kjennast veldig bra å verte ny hovudtrenar for klubben. I fjor var eg assistenttrenar for Geir Bakke, og eg har fått vore med på eit par kampar, så eg er ikkje heilt fersk, men kampen mot Hødd er offisielt den første, seier Michelsen.

Han trur at han saman med Ole Olsen og Trond Hjelle kan verte eit sterkt trenarteam.

Ikkje nok med at trenarstaben blir skifta ut; det same blir stadion. I 2015 får Kristiansund ny arena.

KBK får ny stadion