Tonane frå orgelet strøymer ut i kyrkjerommet. Ved tangentane sit Michelle Öhman og øver. 30-åringen frå Sverige vart redninga for orgelmusikken i Ulstein, men fire utlysingar av stillinga måtte til før dei fekk tak i ein kvalifisert kantor.
– Eg fekk lyst å flytte til Noreg etter ein ferie i fjor, og så fann eg denne stillinga utlyst, fortel Öhman.
Micelle Öhman på plass i Ulstein kyrkje.
Foto: Arne Flatin / NRKBlei ikkje overraska
Då den svenske kyrkjemusikaren takka ja til stillinga i Ulstein, kunne avtroppande kantor Ståle Helvig endeleg gjere alvor av planane om å pensjonere seg, utan frykt for at orgelmusikken skulle forsvinne frå kyrkja.
– Eg prøvde å pensjonere meg i to år. Eigentleg var eg ikkje så overraska over at det vart vanskeleg å få tak i ny kantor. Kyrkjemusikken har kanskje ikkje den statusen den hadde, seier han.
Ståle Helvig har eit inntrykk av at folk synest kyrkjeorgelet er antikt og litt gammaldags. – Det synest eg er synd.
Foto: Arne Flatin / NRKHelvig trur ikkje Noreg klarer å fylle kyrkjene med orgelmusikk i framtida, om ein ikkje leitar etter organistar i utlandet. Han er svært glad for at Michelle Öhman har tatt over i kyrkja hans.
– Det er veldig kjekt! Eg har dessverre ikkje fått høyre henne i jobbsamanheng enno, for eg har fått så mange spørsmål om å spele sjølv. Men den dagen kjem, og det gler eg meg til.
Generasjonsskifte
Det er no eit generasjonsskifte på gang blant kantorane i dei 1280 kyrkjelydane i Den norske kyrkja. Samtidig var det i fjor berre fire personar som blei uteksaminerte med 4-årig bachelor i kyrkjemusikk her i landet.
– Vi har rundt 1000 musikarstillingar i Den norske kyrkja. Då er det realistisk at 30–50 av dei pensjonerer seg kvart år. Kanskje er tala høgare. I lys av dette blir det veldig tydeleg at det er for få som utdannar seg innan kyrkjemusikk, seier Jan Christian Kielland, som er avdelingsdirektør i Den norske kyrkja.
Jan Christian Kielland er avdelingsdirektør, avdeling for kyrkjefag og økumenikk i Den norske kyrkja.
Foto: Den norske kirkeHan ser likevel ikkje heilt svart på situasjonen, og seier kyrkja gjer det dei kan for at den tradisjonsrike kyrkjemusikken skal ha ei framtid. Dei reiser rundt på utdanningsmesser for å motivere unge til å ta utdanninga, og gir kyrkjemusikarar utan formell kompetanse tilbod om betalt utdanning.
– Det er viktig at vi har ein plan når vi tilset dyktige musikarar som ikkje har formell utdanning, slik at dei kan få høgare kompetanse innan kyrkjemusikk, korarbeid og orgelspel, seier han.
Han meiner også at organistar frå andre land kan vere kjærkomen hjelp i mange kyrkjer.
Varm velkomst
Michell Öhman har tatt over tangentane i Ulstein kyrkje etter Ståle Helvig.
Foto: Arne Flatin / NRKMichelle Öhman er i ferd med å finne seg godt til rette i den vesle sunnmørskommunen Ulstein. Ho seier at det også i heimlandet Sverige, er vanskeleg å få tak i kyrkjemusikarar.
– Eg synest det er synd at ein del av musikkhistoria er i ferd med å forsvinne på denne måten, seier ho.
Men i Ulstein blir altså tradisjonane ført vidare ei stund til. Öhman hadde si innsettingsgudsteneste 20. august. Det vart ein varm velkomst.
– Det var ei svært rørande kjensle å kome fram og bli helsa så varmt velkomen. Sjølv om det er veldig intensivt no fordi det er mykje som er nytt: nye melodiar, nytt språk, nye menneske og eit nytt land, så er det veldig motiverande å jobbe her, slår kantoren fast.