NRK Meny
Normal

Her er det mennene som regjerer

I Sykkylven er alle ordførarkandidatane menn. Ikkje ei einaste kvinne stiller på toppen av vallistene.

Sykkylven i kveldssol

Dette er Sykkylven. Politikken er mannsdominert. Her er det berre menn som stiller på toppen av vallistene.

Foto: Jostein Opskar

Vallogo

Det er åtte vallister i Sykkylven. På toppen av listene finn vi berre mannsnamn.

Og Sykkylven er ikkje åleine om å ha det slik. Stranda, Sandøy og Norddal i Møre og Romsdal er i same situasjon. Det spesielle med Sykkylven er at dette er ein forholdsvis stor kommune, med heile åtte lister, og med null kvinner i toppen.

– Dette er rart. Det er rett og slett litt slik at eg ikkje hadde trudd at det kunne gå an. Det er beklageleg at vi ikkje har kvinner på topp, seier Øygunn Tandstad og Svanhild Brunstad. Dette er mannsdominert, legg dei til.

Kva må til for å få fleire kvinner til toppverv i politikken? Skriv gjerne meininga di i kommentarfeltet under artikkelen.

Tandstad Ramstad

Øygunn Tandstad og Svanhild Brunstad tykkjer det er merkeleg at ikkje kvinner i Sykkylven vil stille på toppen av vallistene. Dei seier dette er eit teikn på at politikken i Sykkylven er mannsdominert.

Foto: Trond Vestre / NRK

Også Senterpartitopp Odd Jostein Drotninghaug meiner det er leit at det ikkje er ei einaste kvinne som er ordførarkandidat i Sykkylven.

Dette er ikkje nokon ideell situasjon. Vi må nok gjere noko annleis framover. Alle partia får gå i seg sjølv for å få fram dyktige kvinner.

– Kvifor er det ingen kvinner som stiller?

Odd Jostein Drotninghaug

Odd Jostein Drotninghaug, Senterpartiet.

Foto: Trond Vestre / NRK

Det er vanskeleg å seie. Det kan vere ting som har skjedd over tid. Kanskje er det slik at kvinner meiner at andre posisjonar er meir attraktive. Kvinner tek leiarposisjonar i andre verv. Men det hadde vore kjekt å få dei med i politikken også.

– Blir dei spurt om å stille?

Det blir dei. Vi i Senterpartiet har spurt mange kvinner, og vi har fått 9 dyktige kvinner på lista vår. Og vi kunne ha hatt med endå fleire.

Dei vi møter i Sykkylven har ulike teoriar om kvifor det har blitt slik. Nokre meiner at kvinnene i Sykkylven er alt for beskjedne.

Dei har nok litt for lite tru på seg sjølv av og til, er ein av kommentarane NRK får frå dei vi møter.

Synnøve Ramstad

Synnøve Ramstad, Høgre.

Foto: Trond Vestre / NRK

Synnøve Ramstad er ei av kvinnene i Sykkylven som har engasjert seg i politikken. Ho har tidlegare stått fram og fortalt om utfordringane ho møtte som lokalpolitikar i kommunen. Då handla det om usynleggjering og mangel på respekt.

Då eg starta i politikken hadde vi mange reine kvinnepolitiske arenaer, der kvinner turte å stå fram og seie si meining. Då hadde vi fleire reine kvinnegrupper, på sytti- og åttitalet. Det var eit nettverk og vi hadde mange engasjerte kvinner.

Ramstad seier det er viktig at kvinnene får støtte og blir heia fram. Sjølv om problematikken er samansett, trur ho det er lettare for menn å seie ja til sentrale verv i politikken.

– Eg trur at mennene er meir frimodige til å seie ja. Dei tek det som ei utfordring. Og dei tykkjer dette er spennande. Kvinnene vil gjerne tenkje seg litt meir om, det kan hende dei er meir beskjedne i forhold til å stå fram i det offentlege rom. Dei kan vere meir sårbare for kritikk og det spørst kva støtte dei har frå familien, seier Ramstad.

Er det eit samfunnsansvar?

– Det er klart at det er det. Det er viktig at kvinnene tek samfunnsansvar. Det er mangfaldet som skapar ein spennande kommune og ei spennande utvikling. Tenk kor spennande det hadde vore om ei kvinne hadde sagt ja til å bli ordførar i Sykkylven. Eg trur engasjementet i Sykkylven hadde blitt mykje større.