Hopp til innhold

Melder Statkraft til politiet etter slamutslepp i nasjonal lakseelv

Surnadal kommune og Surna elveeigarlag melder Statkraft til politiet etter slamutsleppet i Surna på Nordmøre.

Hausten 2022 tømde Statkraft vassmagasinet oppe i fjella i samband med ei stor rehabilitering av demningane til Trollheimen kraftverk.

Det førte til at store mengder slam, frå botn av dammen, gjekk ut i den nasjonale lakseelva Surna før det blei oppdaga.