Hopp til innhold
Laksefiske, Rauma
Foto: Tore Ellingseter / NRK

Elvar i Møre og Romsdal

  • Ny behandling mot dødeleg lakseparasitt i gang

    Den andre klor- og rotenonbehandlinga mot parasitten Gyrodactylus salaris er i gang i Drivaregionen. Funn av parasitten i elva Driva skal analyserast. Det melder Miljødirektoratet.

    Klor, som ikkje skader fisken, vart i fjor brukt til kamp mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris for første gong, i kombinasjon med rotenon.

    Ved undersøkingar no i august vart det derimot påvist Gyrodactylus-parasittar nedanfor laksesperra i elva Driva, som vart bygd i 2017 for å stoppe smitten ved å hindre laks i å ta seg opp i elva for å gyte.

    – Parasittane skal no artsbestemmast for å undersøkje om dei er den farlege arten Gyrodactylus salaris, eller ufarlege Gyrodactylus-artar. Fleire lakseungar enn forventa er smitta, men det er få parasittar på kvar. Prøvene er sendt inn til Veterinærinstituttet for sikker artsbestemming, seier Helge Bardal, som er prosjektleiar for gyronedkjempinga i Drivaregionen i ei pressemelding.

    Driva bru
    Foto: Gunnar Sandvik
  • Gir mer penger til å bekjempe pukkellaks

    Regjeringen gir 10 millioner kroner ekstra i revidert nasjonalbudsjett til å bekjempe pukkellaks. Den uønskede fisken er særlig ventet å invadere elvene i Finnmark til sommeren, men også andre elver sørover i landet. Ifølge Klima- og miljøminister Espen Barth Eide skal pengene gå til flere pukkellaksfeller og til å lønne de som skal røkte fellene.

  • Sjøauren er freda

    Statsforvaltaren meiner for få har fått med seg vedtaket frå 2021, og minner om at sjøauren er freda i alle sjøområde i fylket, med unnatak av Smøla kommune. Fredinga gjeld i mars og april, men for Sunndals- og Tingvollfjorden ut til Krifast er sjøauren freda heile året. Bakgrunnen for fredinga er svake sjøaurebestandar i store delar av fylket.

    Sjøaure
    Foto: Jan Drøpping
  • Tilrår meir miljøvennlege konsesjonsvilkår

    NVE tilrår meir miljøvennlege konsesjonsvilkår for Svorka kraftverk i Surnadal. NVE har sendt innstilling til Olje- og energidepartementet, der ein rår til at dei gamle vilkåra blir erstatta av moderne konsesjonsvilkår for reguleringa. Dei nye vilkåra gir styresmaktene moglegheit til å pålegga ulike undersøkingar og avbøtande tiltak, i heile konsesjonstida. Det skriv NVE i ei pressemelding.

    Det er Svorka Energi AS som er konsesjonær for reguleringa. Surnadal kommune har stilt krav om miljøforbetrande tiltak i vatn og elvar som blir påverka av Svorka kraftverk i Møre og Romsdal. Dette er grunnen til at NVE har gjennomført ein revisjon av konsesjonsvilkåra.

Miljødirektoratet går inn for å stenge laksefisket i nesten 600 elver i fleire år framover.
For første gong vert det no gjort eit fullskala forsøk der klor skal reinse ei lakseelv for gyrosmitte. Resultatet kan få mykje å seie for arbeidet i fleire av dei store lakseelvane som har parasittsmitten. Ikkje minst den nasjonale lakseelva Driva.