NRK Meny

Meir pengar frå cruiseturistar

Trass færre skipsanløp så auka talet på passasjerar til Geirangerfjorden i sommarmånadane. Dette har gitt auka omsetnad for aktørane på land på 30 millionar kroner. Det skriv hamnesjefen i Stranda i ei pressemelding. Talet på cruiseanløp til Geiranger var 179 i år mot 182 i fjor. Om lag 70–80 prosent av dei 350 000 cruisepassasjerane gjekk i land på utflukter og liknande.

Geiranger
Foto: Lena Høyberg / NRK