Hopp til innhold

Meir enn to millionar skal få hjelp

Marius Hammer skal for tredje gong lede TV-aksjonen i Møre og Romsdal. Pengane frå årets aksjon går til Røde Kors.

Marius Hammer

Marius Hammer blir fylkesleiar av årets TV-aksjon.

Foto: Pressebilde

Meir konkret skal pengane gå til det arbeidet Røde Kors gjer i ti land: Syria, Libanon, Sør Sudan, Afghanistan, Somalia, Myanmar, El Salvador, Guatemala og Honduras.

Pengane går også til å hjelpe flyktningar som har kome til Noreg.

En kvinne sitter der hennes hjem tidligere stod i Sør-Sudan

Noko av aksjonspengane går til Sør Sudan.

Foto: ALBERT GONZALEZ FARRAN / Afp

– Gjennom TV-aksjonen skal meir enn to millionar menneske få hjelp, seier Hammer. Den skal redde liv og gi omfattande helsehjelp til nokon av dei mest sårbare i verda, dei som er ramma av krig og konflikt.

Humanitær hjelp

Mange stader er Røde Kors den einaste hjelpeorganisasjonen som slepp til med humanitær hjelp, og har gjennom lokale frivillige tilgang til dei som elles ikkje får hjelp.

Gjennom TV-aksjonen skal fleire menneske i krig- og konfliktområde få livsviktige medisinar, helsehjelp, reint vatn og mat.

– Møre og Romsdal er eit gründerfylke med mykje pågangsmot og kreativitet, seier Hammer.

Han viser til givargleda i tidlegare år, og ser fram mot ein ny flott aksjon.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL