Hopp til innhold

Meiner politiet braut lova då dei dukka opp med narkohund

Midt i treninga kom politiet inn på senteret med narkohund. – Dette er ulovleg bruk av tvangsmiddel, seier jusprofessor.

Politi og hund har øvelse på Aktiv treningssenter på Blindheim i Ålesund.

SKJERMDUMP: Ein skjermdump av innlegget til Aktiv treningssenter på Blindheim. Innlegget vart etter kvart sletta.

Det hagla inn med kommentarar etter at Aktiv treningssenter i Ålesund la ut på Instagram at dei hadde besøk av politiet.

Fleire i kommentarfeltet meiner politiet ikkje har lov til å berre dukke opp med ein narkohund. Det er også ein jusprofessor einig i.

– Det politiet gjer er eit grovt brot på straffeprosesslova og brot på menneskerettane. Det burde få konsekvensar for politiet, seier Hans Fredrik Marthinussen, som er jusprofessor ved institutt for privatrett ved Universitet i Bergen, og jobbar ved seksjon for formuesrett.

Politiet skulle saman med det dei kallar ein søkshund, gjennomføre ei miljøtrening på treningssenteret. Altså at hunden skulle øve seg på å leite etter ulovlege rusmiddel.

Problemet meiner professoren, er at politiet trenar med hund når treningssenteret er opent. Han reagerer spesielt på om politiet faktisk hadde gjort funn på ein av dei som var på treningssenteret.

– Det er ikkje slik at viss dei hadde komme over dopingmiddel på ein person, så hadde politiet sagt «Å ja, det var fin trening for hunden. Lykke til».

Han peiker også på at det har vore tilfelle på skular og i burettslag der politiet har gjennomført ei slik ransaking, men at dette har vist seg å ikkje vere innanfor lovverket.

Les også Politiet dropper narkohund på skoler: – Enorm seier

Leder for Elevorganisasjonen Edvard Botterli Udnæs holder et gult skilt med teksten "SEIER" i store røde, bokstaver.

Seier det var lovleg

Politiet seier miljøtreninga var etter avtale med treningssenteret Aktivt trening på Blindheim, og det bekreftar også dagleg leiar, David Andersen.

Dei hadde også gjort ein avtale med markørar som skulle vere med når hunden øvde, i tillegg til at medlemmane av treningssenteret kunne trene som normalt.

Politistasjonssjefen i Ålesund, Oddbjørn Solheim, peiker på at dette er ei trening som ikkje går på tilfeldige personar.

– Det er ei kontrollert trening, og det var gjort avtale med markørar.

Kan treningssenteret seie ja på vegner av kundane?

– Det er vanskeleg for politiet å svare på dette spørsmålet, då treningssenteret har abonnementsavtale med sine kundar.

Oddbjørn Solheim

POLITIET: Politistasjonssjef, Oddbjørn Solheim, meiner treninga dei gjennomførte på treningssenteret var lovleg.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Solheim seier også at hundeførar styrar hunden, og om den skulle ha markert på ein av dei som ikkje var ein del treninga, så kunne hundeførar ha styrt hunden vekk frå dette. Han presiserer at dette var ei ordinær trening, politiet var der ikkje for å avdekke straffbare forhold.

– Dette skal vere regulert, og vi skal ikkje sette folk i ein uønskt situasjon.

Dette er ikkje Marthinussen samd i. Han meiner om politiet skulle hatt øving på eit treningssenter, så må det vere etter stengjetid, når det ikkje er kundar der.

– Då må det vere ein sterk mistanke til konkrete personar. Dette er openbert ulovleg bruk av tvangsmiddel, seier Marthinussen.

Den påstanden er ikkje Solheim einig i. Samstundes er han klar på at dei skal ta med seg læring frå denne episoden.

– Vi kunne ha hatt på vest, saman med hunden, der det kjem tydeleg fram at vi var under trening. Og eigar kan også ha annonsert på førehand at det var frivillig for folk å komme inn å trene med kjennskap med at politiet hadde ei hundetrening, seier han.

Samarbeid med politiet

Politiet har gjennomført ei likande miljøtrening på treningssenteret før, der blir lagt ut åte til hunden, som han snusar etter. Leiaren for treningssenteret seier han ikkje heilt forstår kvifor nokon reagerer så kraftig på dette.

– Vi ønskjer å ha eit førebyggjande og trygt opplegg, og vi informerer medlemmene som er på senteret. Vi har fått positive tilbakemeldingar frå medlemmene våre, medan nokon utanfor har komme med negativ omtale, seier Andersen.

Aktiv treningssenter på Blindheim

Aktiv trening Blindheim.

Foto: Maria Kristina Vevang / NRK

Sporhunden var også innom ei garderobe og dusjen, men ifølgje Andersen var det ikkje folk i dusjen.

Han legg til at medlemmene som synest det er ubehageleg kan gå til side eller velje å ikkje vere i området når politiet er der.