Hopp til innhold

Meiner Nordøyvegen er sjølvfinansierande

Ein ny rapport hevdar at å bygge ut Nordøyvegen vil svare seg økonomisk og at prosjektet vil vere sjølvfinansiert for fylkeskommunen etter få år. Prosjektet får faktisk meir i ferjeavløysingsmidlar enn det er behov for, framgår det av rapporten.

Remi Eliassen

Nordøyvegen er eit fylkesvegprosjekt som stekkjer seg frå Skjeltene på fastlandet, over fire øyar til Myklebust på Harøya. I dag presenterte finansanalytikar Remi Eliassen i Deloitte ein rapport om Nordøyvegen.

Foto: Terje Reite

Det kjem fram i ein ny rapport frå analyseselskapet Deloitte, som blei presentert på ei pressekonferanse i Ålesund i dag.

Det er næringslivet på øyane som har fått utarbeida den rapporten, som har gått gjennom heile kostnadsbildet med å bygge ut Nordøyvegen.

Ferjemidlar

Ifølgje rapporten skal ein av dei store gevinstane ligge i å ta bort ferjene. Verdien av dette skal ifølgje Deloitte vere på mellom 70 og 80 millionar kroner kvart år.

Glenn Bradley

Glenn Bradley er nestleiar i bedrifta Rostein i Sandøy kommune.

Foto: Terje Reite / NRK

– Vi er glade for å sjå konklusjonen i rapporten som er det same som vi har trudd lenge. Nordøyvegen er sjølvfinansierande, seier Glenn Bradley i reiarlaget Rostein AS på Harøya, ei av bedriftene som har finansiert rapporten.

Med ferjeavløysingsmidlar inne i finansieringspakken inneber ordninga at det blir dyrare å halde fram med ferjedrift enn å byggje Nordøyvegen på sikt.

Ifølgje rapporten vil det i svært liten grad vere behov for nye driftsmidlar til Nordøyvegen utover dei pengane som blir frigjort frå ferjedrifta.

I kalkylane er det også lagt inn kostnader til vedlikehald til ein verdi av 860 millionar kroner (2015-kroneverdi). Det er første gong at finansieringa av vedlikehald er lagt inn i eit fylkeskommunalt samferdselsprosjekt. Sjølv medrekna vedlikehald vil prosjektet vere sjølvfinansierande for fylkeskommunen, står det i rapporten.

Rapporten peikar også på at det rentesituasjonen gjer det svært gunstig å investere no fordi den låge renta gjer at ein kan vere mogleg få langsiktige lån med svært gunstig rente.

– Solid prosjekt

Remi Eliassen

Remi Eliassen i Deloitte meiner Nordøyvegen er eit solid prosjekt.

Foto: Terje Reite / NRK

Finansanalytikar Remi Eliassen i Deloitte seier at dei har gått gjennom heile kostnadsbildet.

– Prosjektet verkar veldig solid samanlikna med det å drifte dagens ferjer vidare. Som ein kan sjå i rapporten er prosjektet ikkje berre sjølvfinansierande, men det er også meir ferjeavløysingsmiddel enn det ein i praksis har bruk for, seier han.

– Ikkje bruk meir tid på irrelevante ting

Mykje tyder på at Fylkestinget i Møre og Romsdal gjer endeleg vedtak om bygging av Nordøyvegen på fylkestinget i oktober i år. Då står att berre behandlinga av bompengeprosjektet i Stortinget.

– No må vi slutte med å diskutere ting som ikkje er relevante. No kan vi låse nokre av innsatsfaktorane og skape tryggleik for innteninga som prosjektet gjev, seier Glenn Bradley.

– Langt meir optimistisk enn rapporten

Inge Huse

Bedriftseigaren Inge Huse har vore på med å finansiere rapporten.

Foto: Terje Reite / NRK

Bedriftseigar Inge Huse på Harøya er glad for at rapporten viser at Nordøyvegen har eit godt økonomisk fundament. Men han meiner at Deloitte har vore alt for pessimistiske. Rapporten har kalkulert inn store vedlikehaldskostnader frå dag éin.

– Har du nokon gong sett eit hus der ein byrjar å male og drive anna vedlikehald første dagen dei har flytta inn? Men Deloitte skal vere forsiktige. Dei har eit godt namn som dei ikkje kan skjemme ut. Men verkelegheita blir langt gunstigare enn det rapporten viser, seier Huse.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL