Hopp til innhold

– Nordøyvegen kan byggast

Nordøyvegen kan byggast med justerte planar. Tunnelen nærast land kan ha ei stigningsgrad på åtte prosent, medan dei to andre må ned på sju prosents stigning.

Ferja Os

Ferjesambandet kan bli avløyst med fastlandssamband. Vegdirektoratet godkjenner no nye planar for Nordøyvegen.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Vegdirektoratet har tidlegare avvist dei planlagde tunnelane fordi dei har ei stigning på 10 prosent. No er det lagt fram nye skisser. Og torsdag morgon var det møte mellom plannemnda og Vegdirektoratet i Molde.

Frank Sve

Frank Sve er leiar for plannemnda i Nordøyvegen.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Dette er definitivt gjennombrotet for Nordøyvegen, seier leiar i plannemnda Frank Sve til NRK.

Frank Sve kallar konklusjonen etter dagens møte for ei endeleg avklaring. Tunnelen nærast fastlandet kan ha ei stigningsgrad på åtte prosent. Dei to andre tunnelane blir godkjende med ei stigningsgrad på sju prosent. I tillegg må det inn avbøtande tryggleikstiltak som skal kompensere for at tunnelane er i brattaste laget.

Dette er definitivt innanfor det som er mogleg å handtere kostnadsmessig. Det er mindre justeringar som skal til for å ta ned den eine prosenten på dei to ytterste tunnelane, seier Sve.

Ifølgje Vegdirektoratet skal det ikkje tillatast meir enn fem prosent stigning i nye tunnelar med mindre inga anna løysing er geografisk mogleg. Men det er spesielt gjort unnatak for undersjøiske tunnelar.

I undersjøiske tunnelar med tovegs trafikk kan stigninga ligge på mellom åtte og sju prosent, alt etter kor stor trafikken er. Det er dei geografiske tilhøva som gjer at den eine tunnelen på Nordøyvegen blir godkjend med ei stigningsgrad på åtte prosent.

Frank Sve slår fast at Nordøyvegen kan byggast, men at det må gjerast eit arbeid i prosjekteringa. Han legg heller ikkje nemneverdig vekt på den forseinkinga prosjektet er blitt utsett for.

– Når dette no blir godkjent i fylkestinget i oktober, kan vi lyse ut anboda i etappar. Vi kan byggje den første tunnelen og brua i eitt byggjesteg i påvente av detaljplanlegginga av resten, seier Sve.

Nordøyvegen

Nordøyvegen skal gje fastlandssamband til øyane i Haram og den sørlege delen av Sandøy.

Foto: NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL