Hopp til innhold

Unge i Molde synest heimbyen får ufortent mykje hat

Det har storma rundt Molde dei siste dagane. Jacob (18) og Sebastian (18) meiner ordlyden på sosiale medium har vore for krass.

Sebastian Byttingsvik og Jacob Lyche.

HAT: Sebastian Byttingsvik og Jacob Lyche meiner byen dei bur i har fått for mykje ufortent hat dei siste dagane.

Foto: Solveig Nyhus Aksnes / NRK

Torgeir Dahl har vore eit heitt tema i sosiale medium dei siste dagane. Også byen han er ordførar i har fått gjennomgå. Jakob Lyche (18) meiner det har gått for langt.

– Det er lov å vere ueinig med kva han seier, men eg synest det er mykje dumt som blir sagt, frå begge sider. Eg støttar ikkje at folk må vise så sjukt at dei ikkje støttar han.

Blant anna har forfattar Linnea Myhre vore ute på Twitter og kritisert det som vart sagt søndag.

Laster Twitter-innhold

Lyche reagerer på at så mange moldensarar har følt behovet for å vise avstand til Dahl på Facebook.

– Det verkar som om moldensarane føler seg så sjukt hata av folk frå Oslo, og derfor føler dei behovet for å seie frå at dei ikkje støttar det han meiner, seier han.

Sjølv om det var ordføraren som retta kritikk mot Oslo, har også Molde fått gjennomgå. Klassekameraten Sebastian Byttingsvik (18) meiner byen har fått eit ufortent dårleg rykte på seg.

– Vi har ikkje gjort noko for å fortene dette. Det einaste er at ordføraren har uttalt seg om noko, og eg synest Molde har fått unødvendig mykje hat for det, seier Byttingsvik.

Betent sak

For moldensarane er ordførarutspelet ei betent sak. Fleire NRK har vore i kontakt med seier dei ikkje ønskjer å seie noko om saka i media.

Redaktøren i lokalavisa, Romsdals Budstikke, seier det har vore ei rar stemning i byen dei siste dagane.

– Mange har reagert på den negative omtalen av Molde. Dei kjenner ikkje igjen det bildet som blir teikna av byen. Det er ikkje Molde slik dei kjenner det, seier Ole Bjørner Loe Welde.

Ole Bjørner Loe Welde

RAR STEMNING: Redaktøren i Romsdals Budstikke seier mange moldensarar har reagert på omtalen av byen i sosiale medium dei siste dagane.

Foto: Kjell Langmyren / Romsdals Budstikke

Han seier at ordføraren blir oppfatta som ein representant for byen, og at mange har følt behov for å seie frå.

– Ein del fekk eit behov for å distansere seg litt, at dette ikkje er haldningar som dei har. Samstundes som dei ikkje ønskjer negativ merksemd rundt byen.

Forstår ordføraren

Sebastian og Jacob er for tida aktuelle i realitypodkasten «VG3» frå P3, som følgjer livet til fire ungdommar i Molde.

Begge gutane meiner ordføraren har eit poeng i kritikken han har gitt til byrådet i Oslo.

– Dette handlar om politikk og korleis ting blir styrt. Han fyrer av med mange påstandar. Eg kan seie meg eining i noko av det som blir sagt, samstundes som eg ser situasjonen frå Oslo si side også, seier Lyche.

Også Byttingsvik seier han forstår kva ordføraren meiner med kritikken sin.

– Eg synest Torgeir han ein del poeng, men saka er veldig delt, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL