Hopp til innhold

Meiner eksistensen til høgskulen i Volda kan vere truga

Eksistensen til høgskulen i Volda kan stå i fare dersom høgskulen skal stå åleine i framtida, meiner fagleg tilsette ved Avdeling for mediefag.

Høgskulen i Volda

Det er aukande uro mellom faglege tilsette ved Avdeling for mediefag, over at Høgskulen i Volda vil halde fram som sjølvstendig høgskule.

Foto: Høgskulen i Volda

I eit ope brev i debattforumet til nettavisa Khrono, som er ein riksdekkende nettstad for høgare utdanning og forsking, tek seks fagleg tilsette ved Avdeling for mediefag eit kraftig oppgjer med strategien høgskulen i Volda har hatt i samanslåingsdebatten.

Åleinestrategien kan på sikt truge eksistensen til høgskulen, hevdar dei seks som er tilsette ved utdanninga for journalistikk, Pr og animasjon.

Vil sjå til Trondheim

Dei viser til at andre høgskular har slått seg saman, medan Volda har satsa på å stå åleine, men siste året med ein samarbeidsavtale med universitetet i Bergen.

Det er ein avtale som ikkje er tenleg for skulen i Volda, meiner dei seks lærarane.

Dei hevdar at samarbeid med universitetet i Bergen vil kunne føre til ein direkte konkurranse mellom dei to om studentane.

Henrik Kaarstad-huset ved Høgskulen i Volda

Henrik Kaarstad-huset er det eldste huset ved Høgskulen i Volda.

Foto: Høgskulen i Volda

Da er også faren for at utdanningstilbudet i Volda vil kunne komme under press. Vi vurderer også at lærerutdanningens rolle ved Universitetet i Bergen kan utgjøre en fare for Høgskolen i Volda, skriv dei seks i brevet.

No vil dei heller at Volda skal snu seg mot Trondheim og NTNU.

Faglig har NTNU mange elementer som kunne ha styrket de mediefaglige utdanningene i Volda – både teoretisk og teknisk. Samtidig har mediefag i Volda noe som NTNU i Trondheim ikke har: en praktisk rettet journalistikk, dokumentar, PR og animasjonsutdanning. I en fusjon med NTNU vil vi bli svært sterke og konkurransedyktige overfor Media-City i Bergen, samt overfor journalist- og medieutdanningen i Oslo, heiter det i brevet.

Gløshaugen

Også NTNU i Trondheim kan skilte med eldre praktbygg. Dette er Gløshaugen.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

– Parkert på sidespor?

Av høgskulane er det no berre Volda, Molde og Østfold som framleis er sjølvstendige høgskular. Dette meiner brevskrivarane er uhaldbart.

– Vi er snart helt alene. Er dette en ønskelig situasjon og uttrykk for at man virkelig har lykkes med den strategien man har valgt, eller har høgskoleledelsen gjennom denne prosessen parkert Høgskolen i Volda på et institusjonelt og politisk sidespor som på lengre sikt vil kunne true selve høgskolens eksistens, spør dei seks.

Brevskrivane kritiserer vidare høgskulen i Volda for å ha hatt for stort internt fokus på eit nytt mediebygg, i staden for å ha fokus på det dei meiner er langt større og viktigare saker; saker som vedgår dei overordna spørsmåla for medieutdanninga på lengre sikt.

Rektor Johan Roppen ved Høgskulen har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar i ettermiddag.