Hopp til innhold

Meiner dei har nok bemanning til å innføre Helseplattforma

Administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Olav Lødemel, meiner at dei no har fått på plass den bemanninga dei treng for å innføre Helseplattforma. Det går fram av ei saksutgreiing til det ekstraordinære styremøtet til helseføretaket i morgon.

– Samla sett vurderer administrerande direktør at Helse Møre og Romsdal vil vere i stand til å handtere den samla risiko og vareta pasientsikkerheita og arbeidsmiljøet ved ei innføring 27. april 2024, står det.

Førre veke vedtok styret i helseføretaket å innføre Helseplattforma i Helse Møre og Romsdal som planlagt 27. april. Føresetnaden er at ekstra bemanning kom på plass.

– Det faktiske behovet både umiddelbart etter innføringa, og over tid, vil bli overvaka og nødvendige tiltak vil bli sett i verk, står det vidare i utgreiinga.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL