Hopp til innhold

I denne fjorden vil dei ikkje ha store cruiseskip

Hittil i år har cruiseskip lagt til kai ved norske hamner 2414 gongar. Men turistnæringa i Hjørundfjorden i Ørsta vil ikkje bli ein del av den statistikken.

Hjørundfjorden, Ørsta

UNIKT: Folket i Hjørundfjorden vil ikkje ha store cruisebåtar inn i fjorden.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Turismen i fjorden under bratte sunnmørsalpar er i sterk utvikling, men næringa i Hjørundfjorden er samde om at masseturismen ikkje er velkomen.

9000 turistar tok turen til Olden, juli 2019

9000 turistar kom til Olden i Sogn og Fjordane 16 juli i år. Turistnæringa i Hjørundfjorden håper dei unngår å få så mange på besøk samtidig.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Det som er viktig for oss er at vi får til ein auke i turismen på våre vilkår. Dei som kjem hit må vere villege til å betale for opplevinga vi gir dei. Dei skal også reise herifrå og vere nøgde med det dei har fått. For å få til det må gruppene vere så små at kvar enkelt får ei god kjensle etter å ha vore her, seier Bjarne Rekkedal, som driv Rekkedal gjestehus saman med kona Margrethe.

Kommuner med flest anløp hittil i 2019

Kommuner med flest anløp hittil i 2019. Geiranger og Stranda kommune på første plass.

Foto: Kystverket

Cruiseskip er «no go»

Saksa turstiforening er ein av aktørane som har gjort mykje for å få meir liv og turisme i Hjørundfjorden. Etter at dei bygde trapper opp til fjellet Saksa for fire år siden, har turismen i Urkebygda tatt seg kraftig opp. Leiar, Jens Arve Forbord, er samd med Rekkedal i at store cruiseskip og masseturisme vil øydelegge idyllen - det unike fjorden kan tilby.

Joakim Hegge og Karina Holshaug

Joakim Hegge og Karina Holshaug er draumeturistane til turistnæringa i Hjørundfjorden. Dei kom for å nyte naturen, og var i fleire dagar.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

– Vi vil ikkje ha «Geirangertilstandar»: cruiseskip som fyller opp fjorden og peiser ut så mykje folk som muleg på så kort tid som muleg. Her skal du vere i fleire dagar, oppleve det stille og rolege, og nytte deg av tilboda som er her, seier Jens Arve Forbord.

Jens Arve Forbord

Jens Arve Forbord i Saksa turstiforening.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Det er også eit viktig poeng for turistnæringa i fjorden at dei som kjem faktisk legg att pengar. Tore Lindbæk driv kafeen Kaihuset heilt nede ved fjorden, og han seier utviklinga har vore fantastisk siste åra.

– 70-80 prosent av dei som kjem hit er fjellfolk. Eller folk som vil nyte naturen på ein eller annan måte. Cruiseturistar hit er «no go». Dei kan reise til Ålesund, og så får vi heller styre mindre grupper hit. Dette er ei unik perle. Ei av dei få som ikkje er kommersialiserte, og då er det viktig å halde det slik, seier han.

Tore Lindbæk driv Kaihuset på Urke

Tore Lindbæk driv Kaihuset på Urke.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Kan ikkje nekte båtane å gå inn

Reiselivssjefen i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre, Tom Anker Skrede, seier dei opplever at det er fleire bedrifter som no vil vere med på turistutviklinga i Hjørundfjorden i Ørsta. Han er klar på at det er opp til næringa å halde området unikt også i framtida.

Tom Anker Skrede

Reiselivssjef i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre, Tom Anker Skrede.

Foto: DESTINASJON ÅLESUND & SUNNMØRE

– Vi kan ikkje nekte curisebåtar å gå inn i fjorden for å snu, men skal dei i land, er det ei heilt anna sak, seier han.

Han forstår at folk er bekymra for at det skal kome veldig mange turistar på same tid til same stad, men trur samtidig ikkje det vil bli eit problem.

– Det er ein balanse å treffe den optimale mengden folk. Det skal vere lønsamt, samtidig som det skal vere eit område det er godt å bu i og besøke. Men eg meiner vi skal klare å styre dette. Det er opp til oss kven vi ønsker å tilby produkta til, seier reiselivssjefen.

Cruiseanløp til Norge januar-september

Cruiseanløp til Norge januar-september

2010

1722

2011

1737

2012

2193

2013

2283

2014

2153

2015

1849

2016

1968

2017

2050

2018

2301

2019

2414

Kjelde: Kystverket